Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Internasjonalt perspektiv på mediemaktChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Internasjonalt perspektiv på mediemakt

Maktbalansen mellom stat og medium avheng av styringsforma i eit land. Det er også store forskjellar kommersielt – på kva land som sel og spreier medium og medieinnhald over landegrenser – og dei som ikkje eksporterer mediekultur.

Menn snakker under en globe. Kollasj.

I autoritære samfunn er media talerøyr for myndigheitene. I demokratiske samfunn har media ein kontrollerande funksjon, og dei er blant anna viktige kanalar for informasjon og meiningsutveksling.

Globalisering

I vår tid er internasjonal mediestruktur prega av kommersialisering og globalisering. Medium smeltar saman og mediestraumar kryssar landegrenser. Kvar enkelt stat har derfor ikkje lenger full kontroll over informasjon og meiningsutveksling. Globalisering og teknologisk utvikling påverkar den internasjonale medieøkonomien.

Digitalisering fører til at færre eig meir. Distribusjon på nye plattformer utvidar marknaden til å omfatte heile verda, og mediebedriftene veks og samarbeider i nettverk på ein annan måte enn tidlegare.

Mediestraumen går i stor grad frå nord til sør, og i rike land utgjer medieindustrien ein større del av bruttonasjonalproduktet enn i fattige land. Nye, multinasjonale TV-nyheitskanalar på arabisk og kinesisk er dessutan i ferd med å endre det globale mediebiletet.

EU

Den som definerer nyheitsbiletet, har makt over opinionen. EUs mediepolitikk har til hensikt å styrkje det europeiske fellesskapet, ta vare på den europeiske kulturarven, fremje europeisk økonomi og vere eit alternativ til amerikansk medieindustri.

Amerikansk innverknad

Amerikansk underhaldningsindustri er dominerande på verdsbasis. TV-seriane er ein viktig eksportør av kulturelle verdiar, det same er nye nettselskap som Google og FB. Somme vel å kalle dette for kulturimperialisme. USA vil gjerne framstå som ein forkjempar for demokratiske ideal. Likevel ser vi at telefon- og internettrafikken blir overvakt, at prinsippet om kjeldevern er under press, og at journalistar blir deskreditert frå myndigheitene si side.

Læringsressursar

Internasjonalt perspektiv på mediemakt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter