Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnet Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Medieuttrykk i samfunnetChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Medieuttrykk i samfunnet

Medieuttrykk har ulike funksjonar i samfunnet. Dei kan opplyse, vri sanning, få folk til å meine og handle. Medieuttrykk kan bevege publikum enkeltvis, men i store mengder kan dei også føre til at regelsystem i eit samfunn blir endra.

Snømenn protesterer med plakater foran Stortinget. Foto.

Emnet gir deg grunnlag for å drøfte kva for ulike funksjonar medieuttrykk har hatt og har i ulike situasjonar. Medieuttrykk omfattar alt frå nyheiter, TV-seriar og nettsider til innlegg i sosiale medium.

Produksjon, føremål og funksjon

Alle medieuttrykk er produserte, det kan vere av ein profesjonell redaksjon eller ein privat person. Dei blir laga innan gitte rammer, både kulturelle og organisatoriske. Medieuttrykk har som regel eit føremål, noko bestemt som skal kommuniserast med ei gitt hensikt. Og medieuttrykk kan bli forståtte på ulike måtar avhengig av kven dei blir lesne av, og kva tid dei blir sette.

Gjennom erfaring med produksjon og vurdering av eigne og andre sine medieuttrykk forstår du stadig betre samanhengen mellom produksjon av medieuttrykk, føremålet og bruken av dei og kva funksjon dei har i samfunnet.

Retorikken kan vere eit verktøy å bruke når medieuttrykk skal lagast og forklarast i eit samfunnsperpektiv.

Falske nyheiter, nye TV-serie-format og global SoMe-kampanje

Kva for funksjonar har nyheiter, til dømes? Kva er falske nyheiter, kvifor og korleis blir dei laga, og kva for konsekvensar har falske nyheiter for samfunnet? I same gate kan vi stille oss spørsmålet: Kva er konsekvensane av robotjournalistikk?

SKAM vart produsert med utgangspunkt i intervju med ungdom, behova deira og situasjonane og kommunikasjonsformene deira. Kva har det å seie for korleis tradisjonelle produksjonsprosessar og mediesjangrar endrar seg? Korleis bidreg ein serie som SKAM til endringar i samfunnet?

Siste halvåret 2017 løp ein verdsomspennande SoMe-aksjonskampanje, #metoo. Konsekvensen vart at rutinar og reglar for varsling av seksuell trakassering og overgrep vart endra i store delar av arbeidslivet.

Læringsressursar

Medieuttrykk i samfunnet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Til Ungdommen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Waste Land

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.