Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Ytringsfridom og demokratiChevronRight
  5. Media som aktør og arenaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Media som aktør og arena

Media er både ein arena for debatt og informasjon, og ein mektig aktør som kan setje saker på den politiske dagsordenen.

Martin Eide om mediemakt. Eide er professor ved Universitetet i Bergen.

Media som arena

Media si samfunnsrolle er å sørgje for at borgarane – altså deg og meg og alle – får den informasjonen vi treng for å kunne ta gode, gjennomtenkte avgjerder, for eksempel når vi skal røyste ved kommune- eller stortingsval. Ein måte pressa kan gjere dette på, er å la folk komme til orde med synspunkta sine, altså å vere ein arena for informasjon og samfunnsdebatt.

La oss illustrere med eit døme: På den lokale sjukeheimen der du bur, er det kanskje ikkje nok ressursar til at dei gamle får komme seg opp av senga før klokka fire på ettermiddagen. Ei fortvilt dotter ønskjer å setje saka på dagsordenen. Ho kan skrive eit debattinnlegg i avisa, der ho ber om svar frå politikarane.

Men redaksjonen kan også la dottera komme til orde gjennom eit intervju og deretter be om ein uttale frå politikarane som har ansvar for at situasjonen er slik. Ein slik uttale er i tråd med tilsvarsretten, altså at den som får kritikk, har rett til å svare. Men han er interessant også fordi offentlegheita har nytte av å høyre fleire sider av saka.

Tenkjepause

Viss du var journalist, korleis ville du ha vinkla ei slik sak?

Media som aktør

Men nettopp når media legg forholda til rette, er media også ein aktør – og ein aktør med makt. Det er media som avgjer kva som er viktig og uviktig, om fleire bør bli kontakta i saka, om ho bør granskast meir eller leggjast bort. Jo meir journalistane grev i ei sak, og jo meir motstand dei møter frå folk som ikkje vil at saka skal fram i lyset, jo sterkare blir rolla som aktør. Då står den eine maktaktøren i samfunnet mot den andre.

I nokre tilfelle kan journalistane vere så ivrige at dei kan bli skulda for å drive kampanjejournalistikk, fordi dei held fram med å skrive om saka med berre ei vinkling. Då får ein diskusjonen om media skal bruke makta si til å engasjere seg i ei sak og bidra til at ho bli sett på dagsordenen i samfunnsdebatten, eller berre vere ein objektiv observatør som nøytralt set lys på fleire sider av ei sak.

Tenkjepause

Om du var journalist, kven ville du ha kontakta for ein kommentar i sjukeheimssaka?


Globale maktstrukturar

Det er ikkje alltid situasjonen er like oversiktleg som når den lokale journalisten forsøkjer å finne ut av kvifor tilbodet på pleieheimen er dårleg. Når ein for eksempel vil finne ut av korleis pengar flyttar seg i ein global verdsøkonomi, kan det krevje veldig mykje arbeid å finne ut av korleis ting heng saman. I slike store saker samarbeider gjerne fleire mediehus.

Våren 2016 fekk vi eit eksempel på eit slikt samarbeid i avsløringane av det som vart omtalt som «The Panama Papers». I Noreg var det Aftenposten som deltok i det internasjonale samarbeidet, som involverte 376 journalistar som gjekk gjennom 11 millionar dokument. Målet var å avsløre korleis ulike internasjonale bankar og advokatfirma selde hemmeleghald til politikarar, kriminelle, milliardærar, idrettsstjerner og vanlege folk som ønskte å plassere pengane sine slik at dei ikkje var nøydde til å betale skatt.

I Noreg kom det fram at DNB-kontoret i Luxemburg hjelpte norske kundar med å skjule pengane, mens dei fotballinteresserte kunne lese at også fotballspelaren Messi forsøkte å skjule formuen sin då han vart bedrageritiltalt av spanske styresmakter.

Tenkjepause

Om du var journalist, korleis ville du ha byrja å leite for å undersøkje om nokon held tilbake informasjon?

Kven har makt i eit samfunn?

Historia om The Panama Papers fortel oss at det sjølvsagt ikkje er slik at det berre er styresmakter som har makt i eit samfunn. Kommersielle selskap har også makt. Denne økonomiske makta er det også ein del av pressa sitt samfunnsoppdrag å undersøkje. Det kan vere vanskeleg. For mens offentlegheitslova gir pressa rett til innsyn i kva styresmaktene bestemmer, kan private selskap hindre innsyn og beskytte seg mot kritikk. Selskap kan for eksempel seie at dei ikkje vil avsløre forretningshemmelegheiter, eller at det dei gjer, ikkje er noko som vedkjem offentlegheita.

Ulike trussamfunn kan også ønskje å skjule det dei held på med, det same gjeld politiske og ideologiske organisasjonar. Dette er grupperingar i samfunnet som har kulturell eller ideologisk makt.

Tenkjepause

Når du er journalist, kven jobbar du for? Redaktøren din? Deg sjølv? Samfunnet?

Læringsressursar

Ytringsfridom og demokrati

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hatefulle ytringar i sosiale medium

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pressefridom, vegen til demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kritisk presse – eit teikn på demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Journalist – eit risikoyrke

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Etiopia

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Iran

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Chile

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sosiale medium i teneste for folket

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bør ein sensurere nett-trolla?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom i dag

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom når terroren rår

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Mediestruktur og demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Burma VJ

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Pressesensur i Aserbajdsjan

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dagen Facebook gjekk i svart

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Ytringsfridom i Rwanda og på Sri Lanka

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Raseriet over den tomme stolen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff