Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Ytringsfridom og demokratiChevronRight
  5. Media som den fjerde statsmaktaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Media som den fjerde statsmakta

Media blir ofte beskrive som ein vakthund som passar på at dei demokratiske spelereglane blir følgde. Denne «vaktbikkjefunksjonen» gir media makt, og derfor blir ofte media kalla «den fjerde statsmakta».

Storting, regjering og domstol. Fotokollasje.

Maktfordelingsprinsippet

For å forstå kva vi meiner med «den fjerde statsmakta», må vi spørje: Kva er dei tre andre statsmaktene? Svaret er Stortinget, Regjeringa og domstolane – eller den lovgivande makta, den utøvande makta og den dømmande makta. I demokratiet vårt er makta fordelt mellom desse tre organa slik at vi følgjer maktfordelingsprinsippet. Føremålet med maktfordelingsprinsippet er at ingen av statsmaktene skal dominere over nokon av dei andre, og at dei skal vere uavhengige av kvarandre.

Stortinget – den lovgivande makta

Stortinget er den øvste folkevalde forsamlinga i Noreg. Der sit stortingspolitikarane som løyver pengar til offentlege oppgåver og vedtek kva lover som skal gjelde i landet. Det er derfor vi seier at Stortinget er den lovgivande makta.

Då det vart bestemt at vi skulle ha felles reglar om fråveregrenser i vidaregående skule, var det altså på Stortinget at loven vart vedteken. Der røysta dei ulike partia for eller imot den nye lova, og så vart det slik som fleirtalet bestemte.

Regjeringa – den utøvande makta

Regjeringa er det organet som har ansvar for at dei vedtaka Stortinget fattar, blir sette ut i livet. Men i tillegg er det Regjeringa som legg fram forslag til kva Stortinget skal røyste over. Det gjer ho for eksempel når ho legg fram forslag til statsbudsjett. Regjeringa legg også fram forslag til kva lover vi bør ha. Det er desse forslaga fleirtalet på Stortinget kan vedta eller ikkje.

Fordi fleirtalet avgjer, forsøkjer partia som har flest røyster i Stortinget, alltid å danne regjering. Regjeringa består av ulike ministrar med ansvar for kvar sitt område. Statsministeren har det overordna ansvaret. I 2016 var det kunnskapsministeren som la fram eit forslag om fraverereglar i skulen for Stortinget, som fleirtalet i Stortinget til slutt røysta ja til.

Domstolane – den dømmande makta

Mens det er Regjeringa som føreslår lovene, og Stortinget som vedtek dei, så er det domstolane som dømmer etter dei. Lovene som stortingspolitikarane vedtek i stortingssalen, blir altså tekne i bruk i rettssalen. Mens medlemmene i Storting og Regjering er folkevalde, er dei som arbeider i domstolane, tilsette. For å bli tilsett må ein vere utdanna innan juss. Det vil seie at dei som er tilsette i domstolane, har studert kva lover og reglar vi har her i landet, og korleis dei verkar saman.

Juristane er tilsette for å ta lovene i bruk når konfliktar skal løysast. Det skal dei gjere heilt uavhengig av kva politikarane meiner om kva dei kjem fram til, og denne uavhengigheita er det som gjer Noreg til ein rettsstat.

Pressa – den kritiske makta

Stortinget, Regjeringa og domstolane utgjer den formelle delen av maktfordelingsprinsippet. Men media blir ofte kalla den fjerde statsmakta fordi ein forventar at dei skal følgje med på kva dei tre andre statsmaktene gjer. Media består også av menneske som er tilsette, og som er utdanna til å jobbe med kritisk journalistikk. Nokre gonger gjer både politikarar og domstolar feil, anten fordi dei ikkje veit betre, eller fordi ein rett og slett ikkje har så gode hensikter som vi alle skulle håpe. Då er det media som skal rette eit kritisk søkjelys mot stortingspolitikarane, regjeringsmedlemmane og domstolane.

Media skal også vere kritiske mot andre maktaktørar i samfunnet, som for eksempel næringslivet, men også mot seg sjølve. I botn og grunn kan ein seie at det er ein del av samfunnsrolla til media å vere kritisk til alt. Det er gjerne derfor journalistar og pressefolk ikkje alltid er så populære. Når media verkeleg gjer jobben sin, blir ikkje maktmenneske glade, sidan ingen liker å bli avslørte.

Ein demokratisk modell frå opplysingstida i vesten

Maktfordelingsprinsippet vart foredla i opplysingstida og formulert av den franske filosofen Montesquieu i 1748. Montesquieu ønskte å avgrense moglegheita for korrupsjon mellom kongen og adelen i det franske samfunnet. Samtidig vart ytringsfridom sett på som ein grunnleggjande fridom – nettopp for å hindre at feil blir gjorde.

I eit moderne demokrati er media med på å forvalte denne fridommen – ved å vere ein arena der folk får komme til orde, og ved å vere ein aktør som avdekkjer kritikkverdige forhold. Prinsippa om media sitt samfunnsansvar og etiske retningslinjer for eigen praksis er nedfelte i Ver Varsam-plakaten som Norsk Presseforbund sjølv har vedteke. Dei nemner også opp medlemmene i Pressas Faglege Utval (PFU), som behandlar klagar på brott på Ver Varsam-plakaten.

Læringsressursar

Ytringsfridom og demokrati

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hatefulle ytringar i sosiale medium

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pressefridom, vegen til demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kritisk presse – eit teikn på demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Journalist – eit risikoyrke

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Etiopia

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Iran

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Chile

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sosiale medium i teneste for folket

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bør ein sensurere nett-trolla?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom i dag

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom når terroren rår

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Mediestruktur og demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Burma VJ

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Pressesensur i Aserbajdsjan

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dagen Facebook gjekk i svart

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Ytringsfridom i Rwanda og på Sri Lanka

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Raseriet over den tomme stolen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff