Hopp til innhald

Salg, service og reiseliv

    Kommunikasjon og kundebehandling

    Kommunikasjon og kundebehandling omfattar tema som kulturforståing, vertskapsrolla, nettverksbygging, konflikthandtering og digital kommunikasjon. For å bli ein flink kundebehandlar må vi forstå korleis kundar og gjester oppfattar det vi kommuniserer i ulike situasjonar og kanalar.

    Kulturforståing og kommunikasjon

    I servicebransjen møtest menneske og kulturar frå alle land. For ein servicemedarbeidar handlar det om å behandle alle kundar og gjestar på ein god og respektfull måte. Kunnskap om kommunikasjon er nøkkelen til god kundebehandling.