Hopp til innhald

Salg, service og reiseliv

    Marknadsføring og sal

    For å bli flink til å marknadsføre og selje produkt må du kunne noko om forbrukaråtferd. Denne kunnskapen må du nytte når du utarbeider marknadsføringsstrategiar, marknadsplanar og marknadsføringskampanjar. Vidare må du kjenne til regelverk for sal og marknadsføring.

    Forbrukaråtferd

    Kva er det som får deg til å kjøpe ein bestemt type dongeribukse? Og kva kan vere grunnen til at du vel same type bukse gong på gong? Dette er grunnleggjande spørsmål for ein marknadsførar. All marknadsføring begynner derfor med ein analyse av forbrukaråtferd.