Hopp til innhald

Salg, service og reiseliv

    Økonomi

    Økonomi er nyttig å kunne uansett kva du skal jobbe med. Å kunne litt om økonomi gir deg eit større oversyn over det som skjer i ei bedrift. I dette emnet skal du mellom anna lære om korleis du finn rett pris på eit produkt, og korleis du set opp budsjett og fører enkle rekneskap.

    Prissetjing

    Kva må du tenkje på når du skal fastsetje ein pris for produktet ditt? Du må kalkulere ein pris som dekkjer kostnadane dine. I tillegg må du ta omsyn til marknadssituasjonen – kor mykje er kunden villig til å betale, og kva sel konkurrentane tilsvarande produkt for?