Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk kulturelle normer og verdiar i kommunikasjonen

Bruk kunnskap om kulturelle normer og verdiar til å undersøke korleis dei kjem til uttrykk i konkrete tekstar.
Forbrukarar med handleposar og mobiltelefon og nettbrett sit saman på ein murkant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Kulturelle verdiar og normer

  1. Les artikkelen "Kulturelle verdiar i kommunikasjonen".

  2. Overlappar dei to modellane for verdiar som du møter i denne artikkelen, kvarandre?

  3. Synest du det manglar nokon verdiar som du meiner er viktige i kulturar du kjenner til?

  4. Lag eit notat med tre kolonnar.

  • Noter ulike verdiar og verdidimensjonar i venstre kolonne.

  • I den midtarste kolonnen skriv du ei forklaring på kva verdien handlar om.

  • I den tredje kolonnen noterer du eit døme på ei norm som følger av denne verdien.

2. Korleis blir kulturelle verdiar uttrykte i kommunikasjonen?

Vel ein til tre av tekstane i lenkesamlinga. Bruk omgrep og kunnskap frå førre oppgåve til å utforske og analysere korleis ulike kulturelle verdiar og normer kjem til uttrykk i kommunikasjonen i desse.

Lenkesamling

Musikkvideo på YouTube, YLTV: T-Section – Grensen

Musikkvideo på YouTube, Moddi: House by the sea

Reklamefilm på YouTube, Equinor: Framtiden trenger mange typer helter

Reklamefilm på YouTube, Norske bunader: Tradisjoner i generasjoner

Musikkvideo på YouTube, Wardruna: Lyfjaberg (Healing-mountain)

Musikkvideo på YouTube, ISÁK: Ain Du

Reklamefilm på YouTube, Tryg Forsikring: Deg, dine og alt du er glad i

Reklamefilm på YouTube, Forsvaret: Ta ikke Grunnloven for gitt

Musikkvideo på YouTube, Linda Vidala feat. KingSkurkOne: BÆNGSHOT

Musikkvideo på NRK, Karpe: Paf.no

Artikkel, Bergens Tidende: Årets mest oppsiktsvekkende julekort

Video på YouTube, The Guardian: North Korea's Slow motion Military – North Korea parade in Slow motion

Du kan anten gå i djupna på ein av tekstane eller velje to–tre tekstar som du meiner er interessante å sjå på saman. Enten fordi dei uttrykker motsetningar, eller fordi dei utfyller kvarandre.

Bruk desse spørsmåla som eit utgangspunkt for arbeidet:

  1. Kva for nokre kulturelle verdiar og/eller normer kjem til uttrykk i tekstutvalet ditt?

  2. Kva for nokre visuelle, verbale, auditive og estetiske verkemiddel og motiv er brukte for å få fram desse verdiane og normene? Vis med døme frå teksten(e) du har valt, ta gjerne skjermbilete/skjermopptak.

  3. Kven trur du bodskapen i tekstane er retta mot? Kan du knyte dei kulturelle normene og verdiane som blir uttrykte, til bestemde kulturelle grupper?

  4. Kor vellykka meiner du teksten er når det gjeld å kommunisere med mottakaren?

  5. Kva tenker du om verdiane og normene som blir uttrykte, sett frå din eigen kulturelle ståstad? Gir dei meining frå ein annan kulturell ståstad?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2022

Læringsressursar

Kommunikasjon, kultur og teknologi