Big Bang
Big bang-teorien er den mest aksepterte forklaringa på korleis universet vart skapt for nesten 14 milliardar år sidan. Han forklarer oss korleis universet har utvikla seg frå dei første brøkdelane av eit sekund til der vi er i dag. Men kvifor det skjedde, og kva som fanst før, er framleis ei gåte.