Hopp til innhald

Vertskapsrolla

Å vere vertskap for andre inneber å kunne skape eit miljø der dei som kjem, føler seg velkomne, ønskte og inkluderte. Det er oppgåva di å ta vare på gjestene, sørgje for at ønska, behova og forventningane deira blir tilfredsstilte, på ein slik måte at dei har lyst til å kome tilbake ein annan gong.