Hopp til innhald

Marknadsføring

Marknadsføring skaper verdi for forbrukarar ved å dekkje behovet deira for produkt. Ein marknadsstrategi kan bestå av merkevarebygging, kundearrangement og marknadsføringskampanjar. Marknadsføring må tilpassast forbrukaråtferda til målgruppa og medievanar. Det kan marknadsundersøkingar gi innsikt i.

Marknadsstrategiar og merkevarer

Kvifor er det slik at "alle" kjenner til Coca Cola, Nike, Apple, Facebook, Instagram og Burger King? Kva har dei gjort, og korleis har dei jobba for å bli så kjende over heile verda? Kva skil ei merkevare frå ei anna vare? Og kan eit land vere ei merkevare?