Pris og etterspørsel
Inntektsfunksjonen
Ei bedrift kan ikkje berre bestemme prisen på ei vare, gå ut frå at alt blir selt, og ut ifrå dette berekne den produksjonen som gir størst overskot. Kanskje prisen er sett så høgt at ikkje alle varene blir selde?
Vi ser på eit døme frå sida Kostnads-, inntekts- og overskotsfunksjon. Klasse 3STB har komme fram til at inntektsfunksjonen ved sal av treningsapparatet Multiform er gitt ved
Inntekta ved sal er alltid lik prisen per eining multiplisert med talet på selde einingar. Dersom vi føreset at alle produserte einingar blir selde, er
Prisfunksjonen
I dette dømet kan vi komme fram til ein funksjon for prisen
Det betyr at vi kan sjå på faktoren
Prisfunksjonen er lineær med negativt stigningstal. Vi ønsker å finne verdimengda
Kva blir verdimengda ut ifrå dette?
Aktivitet
Sidan prisen er ein funksjon av talet på einingar, er talet på einingar avhengig av prisen. Endre på likninga
Tenk over
Kva betyr dette resultatet i praksis?
Dette kallar vi for etterspørselsfunksjonen, og denne funksjonen viser kor mange einingar vi kan få selt ved ein bestemd pris. Produksjonen kan då tilpassast salet.
Når etterspørselen som funksjon av prisen er
Finn inntektsfunksjonen
Inntektsfunksjonar kan generelt skrivast som
Finn kostnadsfunksjonen
Finn kostnadsfunksjonen
Kostnads- og inntektsfunksjonen med CAS
Bruk CAS til å finne
Vi viser resten av dømet med bruk av CAS. Overskotsfunksjonen finn vi som før ved å sjå på forskjellen mellom inntekta og kostnadene. Så finn vi det største overskotet som toppunktet til funksjonen.
Overskotsfunksjonen
Bruk CAS, finn overskotsfunksjonen
Sidan overskotsfunksjonen er ein andregradsfunksjon med negativ koeffisient framfor andregradsleddet, veit vi at funksjonen har eit toppunkt. Det største overskotet får elevane derfor når prisen er 670 kroner.
Til slutt reknar vi ut kor stort overskotet blir med denne prisen, og vi må finne ut kor mange einingar (trimapparat) vi skal produsere.
Det maksimale overskotet er på 10 125 kroner per veke. Etterspørselen ved denne prisen er 65 einingar.
Dette er det same talet på einingar som vi har funne på sida Kostnads-, inntekts- og overskotsfunksjon. Det er fordi vi tok utgangspunkt i den opphavlege inntektsfunksjonen
Grafisk løysing
Vi får det same resultatet grafisk.
Vi kan i tillegg finne kva prisar vi må halde oss innanfor dersom vi skal gå med overskot. Då kan vi til dømes finne nullpunkta til overskotsfunksjonen
Tenk over
I utgangspunktet hadde elevane tenkt å selje treningsapparatet til 800 kroner. Kva betyr det at den prisen som gir størst overskot, er 670 kroner?