Om faget S2
I nye S2 går ein mykje lenger når det gjeld integrering enn før. Det har òg komme eit kompetansemål om rekursive samanhengar og programmering. Til gjengjeld er mykje fagstoff om potensar, logaritmar og derivasjon flytta ned i S1. Elles er hovudemna i faget dei same som før, men tilnærminga er noko endra. Det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap er inkludert gjennom statistikkemnet i faget.
Fagfornyinga set krav til at elevane skal drive med utforsking. Derfor har vi prøvd å lage teorisidene meir utforskande. Oppgåvene blir fleire og vil no finnast som nettsider. Begge desse tinga kan du lese meir om lenger ned på sida.
Innhaldet i det nye faget vil bli publisert fortløpande. Faget vil vere ferdig litt utpå hausten 2023/2024.
Matematikk S2 på NDLA blir eit heilt nytt fag. Vi legg vekt på at teorisidene skal vere aktiviserande og utforskande. Nokre av sidene våre kan vere utgangspunkt for gjennomgangen til læraren, men dei vil òg vere eigna for at elevane skal kunne jobbe med dei på eigenhand eller i grupper. Desse sidene vil innehalde spørsmål, interaktive element og andre ting elevane blir bedne om å gjere på sidene. Vi trur at det å aktivisere elevane i gjennomgangen av teorien aukar motivasjonen deira.
Løysingar på oppgåver og svar på spørsmål finst i klikkbare boksar både på teori- og oppgåvesider. Som i dei andre reviderte matematikkfaga ligg kvar løysing rett under kvar oppgåve. Elevane bør nok oppmodast til å vere uthaldande og jobbe så godt dei kan med å finne ut av oppgåvene før dei klikkar fram løysinga eller svaret. På sider med samleoppgåver vil alle løysingane liggje nedst.
Vi har i alle nye fag frå og med hausten 2022 organisert sidene slik at oppgåvesidene ligg rett under den teorisida dei høyrer til, både i menyen og i emneinnhaldslista nedst. Det er slutt på at alle teorisider og oppgåvesider ligg samla kvar for seg. Eit døme på den nye organiseringa er vist nedanfor.
Det betyr at sidene ligg i den rekkefølga det er tenkt at dei skal brukast. Vi håper at dette grepet aukar brukarvennlegheita på sidene våre.
I det gamle S2-faget finst oppgåvene berre som Word- eller PDF-dokument. I det nye faget vil oppgåvene inkludert løysingar finst som nettsider, men vi held oppe tilbodet med å ha dei oppgåvene som ikkje er interaktive, tilgjengelege i dokumentform (utan løysing).