Norsk kort butid (YF) – ferdig 2025
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Språket som system og mogelegheit
Språk er lydar som er sette saman for å skape meining. Vi bruker lydane til å bygge ord, og vi set saman ord til setningar etter bestemde reglar. Språket tilbyr oss òg ei mengd verktøy, slik at vi kan få sagt og skrive alt vi vil – i alle fall nesten!
Lær deg norsk
I norskfaget skal du snakke, lese, skrive og lytte til norsk. Ein god måte å bli flink til dette på er å bruke norsk så ofte du kan. Det er òg lurt å samanlikne norsk med førstespråket ditt, og finne kva som er likt og ulikt.
Lag setningar
Ei setning er ei ytring som inneheld eit subjekt og eit verbal. Det vil seie at ei setning fortel oss noko om nokon som gjer eller er noko. Men ei setning kan innehalde mykje meir informasjon enn dette. Lær om korleis du lagar gode setningar på norsk.