Norsk kort butid (YF) – ferdig 2025
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Språket som system og mogelegheit
Språk er lydar som er sette saman for å skape meining. Vi bruker lydane til å bygge ord, og vi set saman ord til setningar etter bestemde reglar. Språket tilbyr oss òg ei mengd verktøy, slik at vi kan få sagt og skrive alt vi vil – i alle fall nesten!
Lær deg norsk
I norskfaget skal du snakke, lese, skrive og lytte til norsk. Ein god måte å bli flink til dette på er å bruke norsk så ofte du kan. Det er òg lurt å samanlikne norsk med førstespråket ditt, og finne kva som er likt og ulikt.
Uttale
Korleis høyrest norsk ut? Lydane i det norske språket er kanskje ikkje heilt dei same som i førstespråket ditt. Lær om korleis du kan øve på norsk uttale.