Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Avslør livsstilsløgnene

Livsstilsreklamar lovar deg eit betre og lykkelegare liv viss du berre kjøper det dei sel, men får du verkeleg eit betre og lykkelegare liv av desse produkta? Finn ut kva som er sant og kva som er løgn.

FooterHeaderIconFooter iconLK20

Del 1

Sjå Folkeopplysningen om kosttilskot og diskuter:

  1. Kvifor trur de så mange nordmenn tek kosttilskot?
  2. Kva er problemet med at så mange nordmenn tek kosttilskot ifølgje Folkeopplysningen? Er de einige eller ueinige? Grunngi svaret.
  3. Korleis kan ein avsløre om kosttilskot er unødvendig og i somme tilfelle usunt?
Eit forstørringsglas ligg over ordet lie på ei side der det står truth mange gonger.  Foto.

Del 2

I denne oppgåva skal du jobbe med å avsløre livsstilsreklame og livsstils-informasjon som ikkje stemmer. Ta gjerne utgangspunkt i reklame og informasjon du sjølv har fått i ulike medium.

Arbeidsoppdrag

  1. Finn ein reklame, ein annonse eller eit blogginnlegg om eit produkt som lovar deg ein sunnare og betre livsstil, og som gjerne gjer deg nysgjerrig eller mistenksam.
  2. På kva måte speler marknadsføringa av produktet på ønska våre og draumane om eit betre liv?
  3. Analyser marknadsføringa av produktet.
    1. Kven er målgruppa for produktet?
    2. Kva kanalar og medium bruker dei for å nå fram til målgruppa?
    3. Kva for ulike visuelle og språklege verkemiddel bruker dei for å fremje produktet?
    4. Finn du nokon døme på manglande samsvar mellom bodskapen og verkemidla i reklamen og produktet det blir reklamert for?
  4. Finn faktainformasjon om produktet.
    1. Gjer eit kildesøk. Finn mest mogleg påliteleg bakgrunnsinformasjon om produktet. Bruk TONE - strategi for kildekritikk
    2. Finn du nokon truverdige kjelder som viser at produktet ikkje held det det lovar, at det kan vere skadeleg eller usunt, eller på andre måtar forhindrar at dei som kjøper det verkeleg får eit betre liv?
    3. Samanlikn effekten av det produktet du undersøkjer med andre produkt og løysingar. Finn du døme på betre og billegare alternativ og løysingar?
  5. Presenter resultatet av undersøkinga di for klassen.

Sist oppdatert 11.09.2020
Skrive av Karl Henrik Aanesen

Læringsressursar

Livsstilsløgner