Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Livsstilsvanar hos norske ungdommar

Finn ut kva som definerer ein livsstil, og kva som er sunne livsstilsvanar. Korleis er livsstilsvanane hos norske ungdommar? Kjenne du deg igjen i desse? Kva konsekvensar har livsstilen for helsa di?

FooterHeaderIconFooter iconLK20
Jenter ler erteade mot ein gut i eit klasserom. Foto.

Tenk – par – del

Tenk: Kva er livsstil?

Par: Gå saman med ein annan, og formuler ein definisjon av omgrepet livsstil.

Del: Diskuter i klassen.

  • Kva faktorar påverkar livsstilen din?
  • Kva er ein sunn livsstil?
  • Bli einige om nokre kriterium som definerer ein sunn livsstil.

Oppgåve 1: Casar om tre skuleelevar

Vurder livsstilen til dei tre skuleelevane Pia, Benjamin og Anders ut frå dei kriteria de har definert for ein sunn livsstil.

Pia

Portrett av jente med rødbrunt hår og blå auge, ca. 17 år. Foto.

Pia har det ofte travelt om morgonen og droppar som regel frukosten. Ho sit på med mamma til og frå skulen. I første friminutt kjøper ho muffins og brus i kantina. Det er meir freistande enn salat, brød og mjølk. Som skuleelev sit ho i ro ved pulten mesteparten av dagen. Om kvelden er ho ofte saman med venner, der dei gjerne går ein tur i parken.

Benjamin

Ung gutt i blå genser sit med skolearbeid ved eit bord. Foto.

Benjamin smør niste til både frukost og lunsj før han dreg heimanfrå, så et han frukosten på bussen til skulen. Nisten består som regel av brød med ost, leverpostei og grønsaker. Han kjøper gjerne mjølk og ei frukt i kantina. Sjølv om Benjamin òg er skuleelev, har han valt breiddeidrett og har derfor ei aktivitetsøkt på skulen nesten kvar dag. Benjamin har deltidsjobb på ein bensinstasjon der han jobbar annankvar ettermiddag, og det blir ofte til at han et middag der når han er på jobb.

Anders

Portrettbilde av ung gutt med headsett rundt halsen. Foto.

Anders har god tid om morgonen og et havregraut til frukost kvar dag. Han syklar til og frå skulen. Han er skuleelev på bygg- og anleggsteknikk og er derfor meir aktiv gjennom dagen. Han kjøper ofte pizzasnurrar eller påsmurd bagett til lunsj i kantina. Anders synest det er triveleg å ete middag saman med familien, og prøver så godt han kan å ete middag heime. Kveldane bruker han ofte framfor TV-en eller PV-en.

Oppgåve 2: Livsstilsvanar hos norsk ungdom

Studer livsstilsvanar hos norske ungdommar i alderen 16–24 år ved hjelp av statistikkbanken frå Statistisk sentralbyrå.

  • Marker alder «16–24 år».
  • Marker kjønn, år og dei levevanane du ønskjer å undersøkje.
  • Vel søylediagram eller linjediagram for å presentere dataa.
  1. Korleis har livsstilsvanane knytte til

    1. mosjon endra seg i perioden 1998–2015?
    2. snus endra seg i perioden 2008–2015?
    3. kosthald (fisk, frukt/bær og grønsaker) endra seg i perioden 2005–2015?
    4. sukker (sukkerholdige drikker, søtsaker) endra seg i perioden 2005–2015?
  2. Kan du kjenne deg igjen i desse dataa? Samanlikn resultata med din eigen livsstil.
  3. Kva konsekvensar har livsstilen for helsa di?
  4. Kvifor synest mange det er vanskeleg å velje riktig når det gjeld livsstil og helse?

Sist oppdatert 25.05.2020
Skrive av Camilla Øvstebø

Læringsressursar

Livsstilsløgner