Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er seksualitet?

Alle menneske er fødde som seksuelle vesen med evne til å nyte. Vi har alle ein seksualitet anten vi er unge, gamle, single eller i parforhold. Seksualitet handlar like mykje om fantasiar, kjensler og tankar som seksuelle aktivitetar.
Kvinne ristar på håret og ser nøgd ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er seksualitet?

Det å ha seksuelle fantasiar er eit teikn på at vi er seksuelle individ. Seksualiteten er integrert i personlegdommen din og blir derfor påverka av den fysiske og psykiske helsa di heile livet. Viss du til dømes har tannverk, kan du ha mindre lyst til å gjere noko seksuelt. Smerter kan stele energi frå oss. Og energi og overskot treng vi for å gjere seksuelle aktivitetar. Eller viss du til dømes er trist fordi du strauk på ein eksamen, så kan du ha meir lyst til å gjere noko seksuelt som trøyst. Ingen har lik seksualitet, fordi ingen har lik personlegdom. Det er ekstra stor forskjell på seksualiteten til barn, seksualiteten til ungdom og seksualiteten til ein vaksen.

Kort sagt handlar seksualiteten til mennesket om mykje meir enn å lage barn. Seksualitet handlar om det å nyte kropp, kjensler, tankar og aktivitetar. Seksualitet er altså noko som tilhøyrer det å vere eit menneske uansett kor ofte eller sjeldan ein seksuell aktivitet blir gjord – og anten du er singel eller har kjærast. Du har seksualiteten din, sjølv om du ikkje har hatt samleie eller orgasme, fordi seksualitet handlar om så mykje.

Korleis definere seksualitet?

World Health Organization (WHO) seier at seksualitet ikkje kan definerast med eitt ord, fordi han er så mykje ulikt og varierer frå person til person. WHO beskriv seksualitet slik:

Seksualitet er ein kjernedimensjon av det å vere eit menneske og inkluderer seksuelle handlingar, kjønnsroller, kjønnsidentitet, seksuell orientering, erotikk, intimitet, nærleik, stadfesting, kjærleik og reproduksjon. Seksualitet blir opplevd eller blir uttrykt i tankar, fantasiar, lengslar, ønske, tru, haldningar, verdiar, aktivitetar, handlingar, roller og forhold og er ei kjelde til glede og sjølvrealisering, så vel som til helseutfordringar og vanskar.

Seksuell utvikling

Seksualiteten vår blir heile livet endra og blir påverka av oppseding og miljøet rundt oss. Eit ord, eit blikk og ei berøring kan påverke oss og seksualiteten vår. Det heiter at seksualiteten blir sosialisert. Dei første leveåra blir rekna som dei mest avgjerande for den seksuelle sosialiseringa. Vi lærer oss kva vi liker og kva vi ikkje liker. Desse erfaringane dannar grunnlaget for det vi kallar tenningsmønster.

Det er i tidleg alder at mennesket finn ut kva dei tenner seksuelt på. Vi byrjar sakte, men sikkert å ane kva som lagar herlege kjensler i kroppen og kven vi blir forelska i. Somme tenner seksuelt på same kjønn, mens andre tenner seksuelt på eit anna kjønn. Vi finn ut kven vi har lyst til å kysse og gjere seksuelle aktivitetar med. Du finn ut kven og kva kjønn som gjer deg kåt. Når den seksuelle utviklinga di får sosialisere seg trygt med jamaldra, kan du lære mykje om eige og andres seksualliv.

Seksuell orientering handlar om kven vi blir forelska i, seksuelt tiltrekt av og ønskjer å vere saman med. Dei vanlegaste seksuelle orienteringane er heterofil, homofil, lesbisk og bifil.

Ungt homofilt par held rundt kvarandre i senga. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Seksualitet blir herma

Ifølgje sosiologane Gagnon og Simon blir seksualiteten til menneske forma av språket vårt. Dei har forska mykje på korleis seksualiteten vår blir utvikla, og korleis vi hermar kvarandre. Det at vi hermar etter kvarandre og får ulike seksualvanar, kallar Gagnon og Simon for seksuelle skript eller usynlege manus. Dei meiner vi har tre hovudskript:

  1. Dei individuelle seksuelle skripta dine blir skapte av det du liker, behova dine og det du erfarer med sansane dine. Til dømes viss du liker å bruke høgre hand, og ikkje venstre hand, når du berører deg sjølv, så er det det unike seksuelle skriptet ditt.

  2. Det relasjonelle seksuelle skriptet ditt blir skapt av det du forventar og gjer saman med andre. Viss vi har sett ein romantisk film som viser at det seksuelle skriptet er slik: først flørt, så kyssing og så samleie, så har mange ein tendens til å bli påverka av det skriptet og herme den rekkjefølgja i møte med andre.

  3. Det kulturelle seksuelle skriptet handlar om deg og det du vel å gjere, fordi du blir påverka av kulturen du lever i. Du kan bli påverka av ord, bilete, filmar og både skrivne og uskrivne reglar. Et døme på korleis norsk kultur påverkar seksualliva våre, er at i Noreg så reknar ein at kvinner, menn og andre kjønn er likeverdige og skal bestemme like mykje over seksuallivet sitt.

Bilete av eit skilt med påskrifta "Kiss and goodbye. No kisses above 3 mins.!" Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sansane si betyding

Korleis kan du få best mogleg seksualitet? Alle blir fødde med ulike føresetnader og moglegheiter til å nyte og til å gjere seksuelle aktivitetar. Desse fem sansane er viktige når tenningsmønsteret i seksualiteten din blir utvikla: synssansen, høyrselsansen, smakssansen, luktesansen og berøringssansen.

Desse sansane gjer at du lærer og hugsar behagelege opplevingar, og at du kan få nokre favorittar. Om ein sans ikkje verkar, blir dei andre sansane desto sterkare. Når vi lukkar auga, så høyrer vi ofte betre pusten og andre lydar. Når vi opnar auga, så kan høyrsla bli litt svakare, fordi synet får mest merksemd.

Viss du møter ein som liker mykje av det du liker, kan det bli veldig gøy og spennande. Noko av det smartaste du kan gjere, er å spørje den andre: – Kva liker du? Kva tenner deg seksuelt? Kva er favorittberøringane dine? Kvar liker du å bli kjærteikna på kroppen? Å vere nysgjerrig og stille kvarandre slike spørsmål kan gjere at de blir skikkeleg gode til å tilfredsstille kvarandre.

Hendene til ei kvinne kviler på skuldrene til ein mann. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øving gjer meister

Som elles i livet er det slik at øving gjer meister òg i seksuallivet. Tek du vare på privatlivet ditt og andre sitt, kan de føle dykk fram i fred og ro. Og jo betre kjende vi er med eigen kropp og sansar, jo enklare kan det bli å fortelje kva vi ønskjer oss av nyting.

Visste du at huda er vårt største organ? Dei fleste nervane finst rundt opningane på kroppen. I tillegg er vi ekstra kjenslevare på stader som blir bøygde: bak knea og olbogen, mellom tærne og fingrane, inni handflata og armhola. Veldig kjenslevart er det på dei livsviktige stadene som nakke og hals. Forskarar meiner det stammar frå evolusjonen.

Somme personar med lammingar frå halsen og ned fortel at dei øvde på å ta imot berøringar på halsen og øyra og fekk eit tilfredsstillande seksualliv. Dette viser kor mykje nyting som ligg på lur i og på kroppen til mennesket berre vi utforskar han.

Kjelder

Bufdir. (2020, 17 april). Seksuell orientering. Lhbtiq ordlista. https://www.bufdir.no/lhbt/lhbt_ordlista/#heading11864

Gagnon, J., & W. Simon, W. (1973). Sexual Conduct: The Social Sources of Human Sexuality. Aldine.

Grünfeld, B. & Almås, E. (2021, 26 april). Seksualitet. I Store Norske leksikon. https://sml.snl.no/seksualitet

WHO. (u.å.). Sexuality. Sexual health. https://www.who.int/health-topics/sexual-health#tab=tab_1

CC BY-SASkrive av Stine Kühle-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2021

Læringsressursar

Kropp og seksualitet