Hopp til innhald

Oppgåve

Påverknaden frå porno

Vil du lykkast med dei første seksuelle erfaringane dine, kan det vere smart å lære seg fakta om nyting frå seriøse kjelder. Bruker du porno som inspirasjon og førebilete, kan du risikere å gjere noko som er lite tilfredsstillande, vondt – eller i verste fall ulovleg.

Ei datamus leier fram til bokstavar som stavar ordet porno. Foto.

Oppgåve 1. Fakta eller fiksjon?

  1. Kva verkemiddel bruker pornofilmar for å selje meir?

  2. Kvifor er det vanleg å plassere porno i sjangeren fiksjon?

  3. På kva måtar kan porno påverke seksualiteten vår på ein negativ måte?

  4. Kvifor trur du det er meir vanleg for gutar enn jenter å sjå på porno?

Oppgåve 2. Casar om porno og påverknad

Til læraren

Klassen kan jobbe med caseoppgåvene individuelt eller i grupper. For somme elevar vil desse caseoppgåvene kunne verke støytande, og dei kan synast det er ubehageleg å jobbe med dei. Læraren bør derfor kjenne klassen godt og høyre med elevane i forkant om dei synest det er greitt å jobbe med slike konkrete forteljingar. Viss enkelte elevar ikkje ønskjer å delta, bør dei få moglegheit til å la vere eller gjere alternative oppgåver.

Sist oppdatert 08.12.2021
Skrive av Stine Kühle-Hansen

Læringsressursar

Kropp og seksualitet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?