Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Korleis tilfredsstille deg sjølv og andre?

Det er få ting som gjer eit menneske så glad og så frustrert som seksualitet. Det kan ta tid å få seksuallivet til å fungere slik vi ønskjer. Å lære oss meir om korleis vi kan tilfredsstille oss sjølv og andre, er noko vi kan øve oss på aleine og saman.

Ei kvinne og ein mann snakkar saman i senga. Foto.

Oppgåve 1. Tilfredsstillande seksualitet

Les artikkelen Tilfredsstillende seksualitet og svar på spørsmåla:

  1. Korleis kan fantasiar og draumar hjelpe deg til å få eit betre seksualliv?

  2. Kvifor er det viktig å ikkje seie ja til alle forslag frå partnaren, men seie frå om grensene dine, og kva du liker og misliker?
  3. Mange kan vere sjenerte og usikre når dei skal vere nakne og nær ein annan. Korleis kan vi gjere kvarandre trygge?
  4. Tenk deg at du skal gi råd til andre ungdommar om korleis dei kan få ein tilfredsstillande seksualitet. Kva tre gode råd vil du gi?

Oppgåve 2. God kommunikasjon

Til læraren

I den siste oppgåva skal elevane velje mellom ulike forteljingar om seksualitet. Klassen kan jobbe med case-oppgåvene individuelt eller i grupper. For somme elevar vil desse case-oppgåvene kunne verke støytande, og dei kan synast det er ubehageleg å jobbe med dei. Læraren bør derfor kjenne klassen godt og høyre med elevane i forkant om dei synest det er greitt å jobbe med slike konkrete forteljingar. Viss enkelte elevar ikkje ønskjer å delta, bør dei få moglegheit til å la vere eller gjere alternative oppgåver.

  1. Kvifor kan det vere viktig å snakke om seksualitet både før, under og etter at vi har gjort noko seksuelt saman?

  2. Kvifor kan det av og til vere utfordrande å spørje eller snakke med andre om seksualitet?

  3. Kva kan gjere det lettare å snakke om seksualitet? Gi konkrete forslag.

  4. Vel minst to av dei seks forteljingane om seksualitet under.

    • Kva er årsakene til utfordringane dei to står overfor?

    • Kva råd ville du gitt paret i forteljinga? Korleis kan dei løyse utfordringane sine på ein god måte?

Seks forteljingar om seksualitet

Siv og kjærasten

Siv og den nye kjærasten ligg med kleda på i senga. Dei har kyssa lenge og godt. Siv vil gjerne at dei prøver munnsex fordi det gir henne enklast orgasme, men først ønskjer ho at dei skal dusje for å få vaska bort ein heil dags sveitte og støv. Ho ser at kjærasten kler av seg og legg seg under dyna. Ho er redd kjærasten blir såra om ho foreslår ein dusj akkurat no. Ho vil ikkje øydeleggje den gode stemninga, men føler at utan dusjen vil ho verken gi eller få munnsex i dag.

Olav og kjærasten

Olav har fått besøk av av kjærasten. Dei er aleine i huset og sit i sofaen og kyssar lidenskapeleg saman. Olav byrjar å beføle kjærasten på brysta og merkar at brystknoppane er stive. Han spør henne om det er eit signal på at ho er kåt. Ho svarer "ja". Olav byrjar å fingre kjærasten sin på klitoris, mellom leppene, og merkar at ho er våt. Ho kviskrar "fortare", og han fingrar henne fortare. Etter ti minutt får ho orgasme. No tenkjer han at det er hans tur til å bli stimulert, men kjærasten reiser seg opp og ser på klokka. Ho har gløymd ein viktig avtale med mor si og seier at ho må springe. Olav blir skikkeleg lei seg og dreg henne ned i sofaen igjen.

Alex og Jonas

Alex og Jonas går begge på vidaregåande, men bur i ulike byar. Dei har deita online i tre månader. Alex har vore open om at han sit i rullestol. No skal dei møtast ansikt til ansikt for første gong. Alex har mykje god erfaring fordi han har hatt tre kjærastar tidlegare. Jonas er uerfaren og har aldri hatt kjærastar. Dei har bestemt at dei skal møtast heime hos Alex fordi han der har alt tilrettelagt – også seksualtekniske hjelpemiddel. Alex gler seg fordi han synest Jonas er veldig kjekk og klok. Dessutan har dei lik musikksmak. Det han no er litt usikker på, er om dei skal gjere litt meir enn å kysse på dette første møtet. Han vil ikkje skremme Jonas med erfaringa si.

Miriam og kjærasten

Miriam og kjærasten sit ved sida av kvarandre og høyrer på digg musikk. Miriam synest det er veldig lenge sidan dei har vore saman og endå lenger sidan dei har stimulert kvarandre seksuelt. Ho knepper opp buksa til kjærasten og startar med å runke han. Penis blir ikkje stiv. Miriam spør fornærma: "Er du ikkje glad i meg?" Kjærasten seier at ein ereksjon ikkje er synonymt med forelsking, at ein ereksjon ikkje er noko mål på kor glad han er i henne. "Grunnen til at eg ikkje får det til no, er at eg er sliten og trøytt", seier kjærasten. "Du får tru meg når eg seier at eg elskar deg og vil halde fram med å vere kjærasten din."

Kalil og Jon

Kalil og Jon sit saman i senga og har for første gong prøvd analsex med kvarandre. Dei brukte masse smørjing, så det blei veldig godt, og begge fekk orgasme. Begge er tilfredse, ser på kvarandre og kjenner tillit. Midt i samtalen og den fine stunda deira så ringjer telefonen og forstyrrar dei. Kalil har sagt mange gonger at begge må ha mobilen på lydlaus når dei koser seg eller gjer seksuelle aktivitetar. Kalil vil ikkje høyrast sur eller irritert ut, men Jon gløymer nesten alltid å stille mobilen på lydlaus.

Kim og Henny

Kim og Henny er på fest. Begge er keen på kvarandre og har funne eit ledig rom på festen. Henny er litt nervøs, men ho går på p-piller, så ho kjenner seg klar for alt. No står dei framfor kvarandre, og Henny byrjar å kneppe opp buksa til Kim, men Kim nøler. Han synest det går for fort. Henny les ikkje kroppsspråket hans, så Kim må seie "vent". Då blir Henny flau og trekkjer seg tilbake. Kim seier at det ikkje har nokon hast – at dei har god tid og kan kysse litt. Han seier at han er interessert i henne, men synest det blir så forhasta nå som dei er på festen med masse folk rundt.


Oppgåve 3. Spørsmål og svar

Det er viktig å finne fram til gode og seriøse kjelder når vi har spørsmål om kropp og seksualitet. I denne oppgåva skal de jobbe saman i grupper og hjelpe kvarandre med å finne svar på det de lurer på.

Del 1: Gruppearbeid

  • Del klassen i grupper på mellom fire og fem personar.

  • Alle i gruppa skriv eit spørsmål om noko dei lurer på om kropp og seksualitet på ein lapp. Det kan til dømes vere spørsmål om prevensjon, orgasme, kjønnssjukdommar, graviditet, porno, samleie eller seksuell lågalder.

  • Lappane blir blanda, slik at ingen veit kven som har skrive kva.

  • Gruppa startar med å trekkje ein lapp og jobbar saman for å finne eit svar på spørsmålet ved hjelp av kjeldene i rammeteksten.

  • Når de har funne svar på eit spørsmål, trekkjer de ein ny lapp og held fram med det.

Nettstader med info om kropp og seksualitet:

Chat og kontakttelefonar:

Del 2: Oppsummering i klassen

Reflekter saman i klassen. Korleis var det å finne informasjon på nett? De kan til dømes diskutere:

  • Kva spørsmål var det lett eller vanskeleg å finne svar på?

  • Var det nokon spørsmål de ikkje fann svar på? Kvifor?

  • Kva kjelder og nettstader synest de var best? Kvifor?

  • Kvifor er det viktig å bruke seriøse nettstader når vi skal finne informasjon om kropp og seksualitet?

  • Kva er den beste måten å gi ungdom informasjon om kropp og seksualitet på?

Sist oppdatert 04.07.2021
Skrive av Stine Kühle-Hansen og Karl Henrik Aanesen

Læringsressursar

Kropp og seksualitet

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar