Hopp til innhald

Fagstoff

Valdtekt

Valdtekt er eit alvorleg samfunnsproblem. Å bli utsett for valdtekt er noko av det vondaste og mest skadelege du kan oppleve. Det er derfor viktig at alle veit kva valdtekt er, og kva du kan gjere viss du blir utsett for det.
Jenter på fest i ein bar. Jenta midt i biletet held ein boks med drikke og ropar noko. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er valdtekt?

Ifølgje norske lover og reglar er det ikkje lov å gjere noko seksuelt med ein person som søv, er dopa, bevisstlaus eller ikkje er i stand til å samtykkje. Seksuelle aktivitetar utan samtykke er straffbare og skal meldast.

Skjer det penetrering i munnen (oralt), skjeden (vaginalt) eller i rumpa (analt), blir det definert som ei valdtekt av lovverket og politiet. Om nokon prøver å gjennomføre penetrering på deg når du ligg sanselaus full, så er det valdtekt.

Valdtekt gjeld ikkje berre penetrering, men også samleieliknande handlingar som onanering, å føre fingrar inn i vagina eller endetarmsopninga, og sleiking av kjønnsorgan.

Valdtekt er

  • å ha seksuell omgang ved bruk av tvang, truslar, makt eller vald

  • å ha seksuell omgang med nokon som er bevisstlaus, søv eller er så fulle at dei ikkje er i stand til å vise at dei ikkje har lyst

  • å true eller bruke vald for å få nokon til å ha seksuell omgang med andre eller med seg sjølv

    Kjelde:
    Artikkel: Hvor går grensene? på Politiet

Alle seksuelle omgangar med barn under 14 år blir òg definerte som valdtekt. Ein grunnleggjande regel i seksuallivet til oss menneske er å gjere seksuelle aktivitetar med jamgamle og samtykkjande relasjonar.

Lovverket

Straffa for valdtekt er regulert i straffelova paragraf 291 på Lovdata. Alle valdtekter, uavhengig av om personane kjenner kvarandre eller ikkje, er svært alvorlege straffbare handlingar.

Kven gjer seg skyldig i valdtekt?

Vi kan ikkje sjå utanpå kven som har gjort eller kjem til å gjere seg skyldig i valdtekt. Alle kan risikere å gjere seg skyldige i valdtekt viss dei ikkje er merksame og skjerpa. Det er ofte alkohol og rus med i biletet når ei valdtekt skjer. 40 prosent av valdtektene skjer på fest eller etter fest. Dei fleste som blir utsette for valdtekt, kjenner overgriparen. Valdtekta blir oftast gjord av ein venn, kjenning, nabo, kollega, kjærast eller tidlegare kjærast.

Dei fleste klarer å respektere grenser. Kva skil elskaren frå krenkjaren? Jo, dei som veit å lytte til den andre. Dei veit at naken hud ikkje er synonymt med ein invitasjon. Dei veit at alle seksuelle aktivitetar er eit fellesprosjekt, ikkje eit soloprosjekt. Dei veit at det alltid skal finnast alternativ. Dei veit at viss dei ikkje tillèt partnaren, elskaren eller venen å ombestemme seg, så blir det eit overgrep.

Ei kvinne og ein mann snakkar saman i senga. Dei ligg med hovuda vende mot fotografen i ei avslappande stilling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utsett for valdtekt

Ungdom mellom 15 og 24 år har størst risiko for å utsetjast for valdtekt. Det rammar både gutar, jenter, transpersonar og andre kjønn. Nesten ein tredel som opplever valdtekt, fortel det ikkje til nokon. Vi seier at det er store mørketal. Det vil seie at det sannsynlegvis er langt fleire som blir utsette for valdtekt, enn det som kjem fram i statistikkane.

Dei som har blitt utsette for valdtekt, kan få fleire seinskadar, mellom anna angst og psykiske lidingar. Mange slit òg med søvnproblem og konsentrasjonsproblem. Å oppleve ei valdtekt er noko av det mest invaderande og vonde ein person kan oppleve. Det er derfor viktig at du veit kva valdtekt er, og kvar du finn hjelp.

Samtykke

Alle seksuelle aktivitetar er lov å gjere i Noreg så lenge dei blir gjorde privat av personar over 16 år og i ein jambyrdig relasjon. Det betyr at de skal ha komme omtrent like langt i utvikling både kroppsleg og mentalt. De skal ha ein rettferdig maktbalanse. Det er heller ikkje lov å gjere noko seksuelt med personar du er i slekt med eller nokon som ikkje er i stand til å samtykkje.

Det er heller ikkje lov å tvinge ein kjærast til seksuell aktivitet. Det blir òg definert som valdtekt. Ingen har rett til å gjere noko seksuelt med andre utan at den andre er einig. Tvang, og seksuelle aktivitetar med ein person som ikkje ønskjer det, er altså straffbart ifølgje norsk lov. Det er vidare brot på dei seksuelle rettane.

Partnar-valdtekt

Opplever du tvang frå partnar, kan det vere meir ubehageleg enn frå ein ukjent, fordi du forventar respekt frå ein du står nær. Det er mange grunnar til at valdtekt skjer mellom kjærastar, vener og kjende. Til dømes kan det vere vanskeleg å merke kroppsspråket til den andre når nokon er rusa, fordi alkoholen gjer hjernen sløv og uoppmerksam. Er du full, ser du kanskje ikkje at den andre har ombestemt seg. Viss du ikkje respekterer at den andre ombestemmer seg, men held fram med seksuell aktivitet, då gjer du ei valdtekt.

Fleire kvinner står med faklar og ein plakat der det står "Rettssikkerhet for kvinner". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksperimentering

Det går fint å eksperimentere med jamaldra, gjerne prøve nye seksuelle ting saman, berre du hugsar å stoppe eller gjere noko anna når den andre ønskjer det. Hint, ord og signal får du best med deg når du er skjerpa. Faktisk opplever du lettare kåtskap og orgasmar når du er skjerpa, opplagt, utkvilt og i form. Og du kan unngå å gjere deg skyldig i valdtekt, fordi du merkar når den andre ikkje ønskjer å bli penetrert.

Kvifor skjerpa?

Det er som nemnt viktig å vere skjerpa når du gjer seksuelle aktivitetar. Det er mellom anna tre grunnar til det. Den eine er at det er lettare å tilfredsstille den andre når du klarer å leggje merke til dei små, men viktige reaksjonane på det du gjer. Den andre grunnen er at du sjølv vil oppleve meir nyting i kroppen din når du er skjerpa og til stades. Den tredje grunnen er kanskje innlysande: Viss du ikkje er skjerpa, korleis veit du då at du ikkje utset den andre for valdtekt?

Spør

Spørsmålet er: Gjer du ein seksuell aktivitet fordi du vil, fordi den andre vil, eller fordi begge vil? For å finne ut av det må de spørje kvarandre, sjå på kvarandre og vere skjerpa. På fagspråket betyr det å innhente samtykke. Spør og respekter det svaret du får.

Melde og få hjelp

Har du blitt utsett for valdtekt eller overgrep, bør du kontakte politiet. Du kan melde anten på nett, chatt eller på telefon 02800. Etter ei valdtekt må du oppsøkje valdtektsmottaket for å sikre bevis, så det er viktig å ikkje dusje før du har vore hos valdtektsmottaket. Du kan òg snakke med trygge fagfolk viss du treng å snakke om valdtekta. Valdtektsmottaka i Noreg ligg ofte i nærleiken av legevakta til sjukehusa.

Relatert innhald

Ifølgje dei seksuelle rettane har alle rett på eit meiningsfullt, sjølvstyrande og sunt seksualliv.

Kjelder

Anderssen, N., Eggebø, H., Stubberud, E. & Holmelid Ø. (2021) "Seksuell orientering, kjønnsmangfold og levekår. Resultat fra spørreundersøkelsen 2020". Bergen: Institutt for samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen. https://www2.bufdir.no/globalassets/global/nbbf/kjonn_identitet/seksuell_orientering_kjonnsmangfold_og_levekar_resultater_fra_sporreundersokelsen_2020.pdf

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (2021, 19. desember). Snakk med ungdom om sexpress og voldtekt. https://www.bufdir.no/foreldrehverdag/ungdom/grenser-bekymring-og-sex/snakk-med-ungdom-om-sexpress-og-voldtekt/

Berggrav, S. (2015). "Den som er med på leken ..." Ungdoms oppfatningar om voldtekt, kjønnsroller og samtykke. Redd barna – Rapport. https://press.no/wp-content/uploads/2017/05/redd-barna-voldtektsrapport.PDF

Eriksen, N. (2016, 8. juni). En av fire unge jenter har opplevd seksuelle overgrep. Forskning.no. https://forskning.no/partner-vold-barn-og-ungdom/en-av-fire-unge-jenter-har-opplevd-seksuelle-overgrep/414924

Hafstad, G.S. & Augusti, E.M. (2019). Ungdoms erfaringar med vold og overgrep i oppveksten. En nasjonal undersøkelse av ungdom i alderen 12 til 16 år. https://www.nkvts.no/content/uploads/2019/10/rapport_4_19_uevo.PDF

Kripos (2021, 19. desember). Hvor går grensene? https://www.politiet.no/rad/voldtekt-og-seksuelle-overgrep/hvor-gar-grensene/

Myhre, M., Thoresen, S. & Hjemdal O. K. (2015). Vold og voldtekt i oppveksten. En nasjonal intervjuundersøkelse av 16- og 17-åringer. Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. Rapport nr 1/2015 https://www.nkvts.no/content/uploads/2015/08/vold_voldtekt_i_oppveksten.PDF

CC BY-SASkrive av Stine Kühle-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2022

Læringsressursar

Kropp og seksualitet