Kva kjenneteiknar skeive liv? - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva kjenneteiknar skeive liv?

Skeive er ei særs mangfaldig gruppe, men nokre erfaringar har dei likevel felles, viser ein rapport. Kjensla av å vere annleis er ei av dei.

Å kjenne seg annleis

- Det å kjenne seg annleis er ei erfaring folk skildrar heilt frå ung alder, men som vedvarer gjennom livet, seier Helga Eggebø ved Nordlandsforsking. Ho har leia arbeidet med ei intervju-undersøking mellom lhbtis-personar (lesbiske, homofile, bifile, transpersonar, interkjønnpersonar og skeive) i Noreg.

Intervjua viser at trass i dei store samfunnsmessige endringane som har skjedd når det gjeld haldningar og rettar for lhbtis-personar, så møter mange personar i desse gruppene framleis utfordringar som skil dei frå majoriteten.

Stor variasjon i skeive liv

– Hovudinntrykket er at det er stor variasjon mellom lhbtis-personar, men vi meiner likevel det gjev meining å snakke om nokre felles erfaringar på tvers av generasjonar og andre ulikskapar.

Forskarane har studert intervju frå tidlegare undersøkingar og gjennomført nye intervju. Eggebø fortel at i utgangspunktet prøvde dei å strukturere intervjua kring kronologiske livsfasar som barndom, ungdom, vaksenliv med etablering av eigen heim og familie og alderdom etter at den reproduktive fasen er over.

– Men så var det noko som skurra litt. Sjølvsagt er dette med kronologi og alder også relevant for skeive liv, men det er samstundes nokre erfaringar som synest felles for mange av informantane, og som dukka opp på ulike stadium i liva deira, seier ho.

Felles erfaringar

Konkret har forskarane identifisert nokre typar erfaringar i informantane sine forteljingar, blant anna å føle seg annleis, bli utsett for hatytringar, diskriminering, mobbing og vald, erfaringar med seksuelle krenkingar og forhandlingar om normative familieliv.

– Erfaringane handlar ofte om å bryte med kjønnsnormer, men kan også vere knytt til andre faktorar som innvandrarbakgrunn, samisk bakgrunn eller funksjonsnedsetting. Ein bryt med ei norm eller forventing, og den kjensla av annleisheit ser ut til å vere ei skjelsettande og viktig erfaring i skeive liv. Å leve med det og setje ord på det er ein identitetsjobb og forhandlingsjobb som tek plass i livet deira.

Må leve med risiko

Det er også mange som fortel om negative møte med andre. Det kan vere alt frå hatytringar eller hatkriminalitet til diskriminering i arbeidslivet eller negative kvardagskommentarar.

– Mange har gjentakande slike opplevingar, fortel Eggebø.

– Og sjølv dei som ikkje opplever så mykje slikt sjølve, er veldig klar over at andre skeive er utsette for det, og at ein som skeiv må leve med denne risikoen. Det gjer at ein heile tida må gjere risikovurderingar.

Framleis vanskeleg å "kome ut"

Dei siste tiåra har vi sett ein sterkt aukande aksept i Noreg for at ikkje alle vil eller kan leve etter idealet om den tradisjonelle kjernefamilien.

Lesbiske, homofile og transpersonar har fått fleire formelle rettar og møter negative haldningar i mindre omfang enn før. Likevel viser undersøkinga at det å kome ut som noko anna enn ein heterofil cis-person framleis er vanskeleg for mange.

Samstundes vil det å kome ut for mange også innebere å kome inn i nye fellesskap, peikar Eggebø på.

– Det har vore litt underkommunisert at det å identifisere seg som til dømes lesbisk, kan vere ein inngangsbillett til fellesskap som ein kan kjenne seg vanleg, og ikkje annleis, i lag med, seier ho.

– Fellesskap der ein kan finne venskap, kjærestar og støtte. Det å kome ut og kome inn er framleis ei viktig livshending, seier ho.

Dette er eit redigert utdrag av ein artikkel frå Kilden, kjønnsforskning.no. Du kan lese heile artikkelen her: Kva kjenneteiknar skeive liv?

Skrive av Kjerstin Gjengedal . Rettshavar: Kilden, kjønnsforskning.no
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020