Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis påverkar porno kultur og identitet?

Pornografi er ein type tekstar vi ikkje snakkar så ofte om i skulen, men som likevel er ein del av mange ungdommar sin kvardag. Korleis formar pornoen kulturen og førestillingar vi har om oss sjølv og andre?
Gut med hettegenser ser på sexbilete på ein pc-skjerm. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

I ei undersøking Medietilsynet har gjort blant norsk ungdom, svarer 49 prosent av 13–18-åringane ja på spørsmål om dei har sett porno på nett. Pornoindustrien i USA aleine produserer 10 000 dvd-ar årleg. Til samanlikning er talet 400 per år for Hollywood. Då skjønar vi at porno er eit uttrykk som påverkar mange i dag. Pornofisering er når estetikk og normer frå pornoen kryp inn i populærkulturen (Krijnen & Van Bauwel, 2021). Kva slags konsekvensar har dette?

Tenk over / diskuter:

Kva trekk ved dagens kultur trur du kan vere påverka av pornoen?

Porno, teknologi- og medieutvikling

Porno har vore tilgjengeleg for massane sidan slutten av 1800-talet, då pornografiske postkort blei masseproduserte, og har vore ei god inntektskjelde for dei som har kontrollert produksjonen. I Vesten blei pornografi lovleg i dei fleste land frå slutten av 60-talet og utover, og endringane i kultur og teknologi har drive utviklinga dit vi er i dag. Pornoen har ofte nytta seg av nyvinningar i teknologien. Då valet stod mellom Beta og VHS-formatet av heimevideoen, blei Beta forkasta. Mykje av grunnen var at pornoindustrien føretrekte VHS (Paasonen et al, 2007).

Digitale kamera gjorde det mogleg for aktørar å lage eige innhald utan at dei måtte gå innom ein fotobutikk for å få det framkalla. Internett blei ei plattform for spreiing av pornografisk innhald frå starten av og har gjort innhaldet breitt tilgjengeleg. Dette har ført til at "amatørar" har teke over mykje av marknaden. Dei store internettplattformene som formidlar innhaldet, tener no store pengar på porno gjennom reklameinntekter. Nettstaden PornHub var i 2018 nummer 6 på lista over nettstadene i verda med mest trafikk, framfor Twitter og Instagram (Moynihan, 2008).

Pornoestetikk i reklame, sosiale medium og film

Det går føre seg ein pornofisering når poseringar og uttrykk som er lånte frå pornoen, blir brukte til å selje varer og tenester. Dette gjeld òg når vi presenterer oss sjølv som "varer" på ein marknad på sosiale medium.

Mange reklamar, musikkvideoar og andre populærkulturelle uttrykk bruker verdiane, kjønnsrollene, formspråket og estetikken til pornografien. Når kvinnekroppar blir framstilte struttande av silikon i pupper, rumper og halvåpne lepper, er dette eit lån frå pornoen. Same estetikk gjeld i framstillingane av menn med aggressive ansiktsuttrykk og harde, muskuløse kroppar som alltid krev seksuell tilfredsstilling.

Mykje av bruken av pornoestetikken i populærkultur handlar om å ha eit ironisk forhold til han. Populærkulturen kan bruke pornoestetikk på ein måte som seier at dei er klar over at det er upassande, men leikar med distinksjonane mellom "trashy" lågkultur og finkultur (Paasonen et al, 2007). Kritikk av populærkulturen sin bruk av normer og verdiar frå pornoen kan derfor avvisast med at det er ironisk meint.

Seksualitet og maskulinitet

Det er betydeleg fleire gutar enn jenter som svarar ja på at dei ser på porno, og det er mykje som tyder på at porno-titting er meir i tråd med kjønnsrolle-forventningar til gutar enn til jenter. Pornografi som kulturuttrykk er forma av at han oftast blir laga av menn, for menn, sjølv om det finst ein veksande nisje med porno laga av kvinner for kvinner, som ei motvekt.

Mykje av pornografien framstiller derfor seksualitet frå ein overdriven maskulin synsvinkel. Sjølv om porno framstiller kvinner som seksuelle vesen, er det mannlege fantasiar som legg føringar for framstillingane. Det er desse normene kvinner internaliserer når pornoen får forme synet på oss sjølv og andre som seksuelle vesen (Paasonen et al, 2007). Samtidig er det mange gutar og menn som ikkje kjenner seg heime i måten maskulinitet og seksualitet blir framstilte på i pornoen.

Tenk over / diskuter:

Sjå reklamefilmen Intimitet under. Kva trur du han prøver å seie oss om korleis pornoen påverkar relasjonane våre?

Ei kort skildring av reklamefilmen "Intimitet"

I denne reklamefilmen ser vi Espen og Emilie som kliner og har samleie. Dei er intime, ser kvarandre i auga, er merksame og berører kvarandre forsiktig og sensuelt. Vi ser òg at dei fomlar litt, Espen får ikkje opp bh-en til Emilie, og Emilie tek av Espen sokkane. Samleiet mellom Espen og Emilie stoppar opp undervegs, utan at vi heilt veit grunnen. Men dei reagerer med å smile og halde kjærleg rundt kvarandre.

Som ein kontrast til bileta av det intime forholdet mellom Espen og Emilie ser vi i første del av filmen ein chat mellom Espen og kameraten Chris. Chris spør om korleis det gjekk i går og bruker mange ord frå porno: "BJ", "doggy" og "anal". Espen startar med å svare at han trur han er litt forelska, før han slettar meldinga. I staden svarer han at ho var rett på "reverse cowgirl" og kom tre gonger.

Som ein kontrast til bileta av samleiet i andre del av filmen ser vi ein chat mellom Emilie og venninna Helene. Helene skriv "Korleis gjekk det i går?" og "Stor?". Emilie startar med å svare at "det var heilt fantastisk", før ho slettar meldinga og i staden sender ein emoji av ein aubergine og ein med eit blunkefjes og utstrekt tunge.

Til slutt blir det vist ein tekstplakat som fortel at mange ungdommar ser porno i fleire år før dei debuterer seksuelt. Så kjem eit spørsmål om kva det gjer med oss og ei oppmoding om å ta vare på intimiteten.

"Pulbarheit"

Filosof Amia Srinivasan meiner at pornoen formar kven vi ser på som seksuelt attraktive, eller "pulbare", og at dette ekskluderer mange grupper i samfunnet:

Skuespillerne er som regel hvite, unge og tynne, sjelden overvektige, melaninrike eller funksjonshemmede.

(Elnan, 2021)

Andre har peika på at pornoen bidreg til å synleggjere marginaliserte grupper, og at til dømes homofili har vore mykje meir synleg i pornografien enn i samfunnet elles (Paasonen et al, 2007).

Tenk over / diskuter:

Kva andre tekstar og medium gir ungdom idéar om seksualitet og attraktivitet i dag? Er det nokon som tilbyr andre normer enn det som blir formidla i pornoen?

Kjelder


Elnan, T.S. (2021, 10.9.) Du har ikke noe krav på sex. I Morgenbladet. https://www.morgenbladet.no/aktuelt/forskning/2021/09/10/du-har-ikke-noe-krav-pa-sex/

Krijnen, T., Van Bauwel, S. (2021). Gender and Media. Representing, Producing, Consuming. (2. utg.). Routledge.

Moynihan, Q. (2018, 30.9.). Internet users access porn websites more than Twitter, Wikipedia and Netflix. I Insider. https://www.businessinsider.com/internet-users-access-porn-more-than-twitter-wikipedia-and-netflix-2018-9?r=US&IR=T

Paasonen, S., Nikunen, K., Saarenmaa, L. (2007). Pornification – Sex and Sexuality in Media Culture. Berg.

Rome, A.S. , Lambert. A. (2020, 26.7). 'Narcissistic objectification': The problem with the 'pornification' of pop culture. I The Independent. https://www.independent.co.uk/life-style/women/pornification-misogyny-sexual-liberation-pop-culture-a9630631.html

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2022

Læringsressursar

Kropp og seksualitet