Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis blir seksualiteten vår forma?

Korleis blir seksualiteten vår forma? Kva tankar, kjensler og handlingar er aksepterte i ulike situasjonar? I desse oppgåvene skal du reflektere over korleis seksualiteten blir forma og kjem til uttrykk i samfunnet vårt.
Ungt par kyssar på dansegolvet. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Sosialisering av seksualitet

    Gjennom lærer vi og reglar for seksualitet. Når vi gjer det som er forventa av oss, får vi positive reaksjonar frå dei rundt oss. Når vi bryt med forventningane, får vi derimot negative reaksjonar – som stygge blikk, nedsetjande kommentarar eller straff.

    1. Diskuter korleis seksualiteten blir sosialisert. Korleis blir seksualiteten vår forma av dei positive og negative reaksjonane vi får frå samfunnet rundt oss. Gi konkrete døme.

    2. Diskuter kva normer og reglar som gjeld for seksualitet i ulike situasjonar. Ta gjerne utgangspunkt i ein konkret situasjon, som til dømes ei badestrand. Snakk om kva som er akseptert og ikkje akseptert av

      • tankar

      • kjensler

      • handlingar

  2. Seksuelle skript

    Ifølgje sosiologane Gagnon og Simon har vi ulike manus eller skript som styrer seksualiteten vår. Finn konkrete døme på korleis desse tre skripta kan forme seksualiteten vår:

    1. det individuelle seksuelle skriptet (blir skapt av eigne behov – det vi liker og erfarer med sansane)

    2. det relasjonelle seksuelle skriptet (blir skapt av det du forventar og gjer saman med andre)

    3. det kulturelle seksuelle skriptet (blir skapt av normene i samfunnet, lover, språk, bilete og filmar)

  3. Seksualitet og språk

    1. Mange banneord og skjellsord er knytte til seksualitet.

      • Finn døme på ulike skjellsord som er knytte til seksualitet.

      • Diskuter korleis desse seksualiserte skjellsorda kan vere med på å forme seksualiteten vår.

    2. Det angloamerikanske ordet sex kom til Noreg på 1960-talet. Ordet sex er like upresist som ordet sport. Begge orda er såkalla sekkenemningar. Sport kan bety kva som helst innan sportsaktivitetar. Sex kan bety kva som helst av seksuelle aktivitetar.

      • Kva misforståingar kan skje når to personar bruker ordet sex i ein samtale?

      • Korleis kan vi unngå misforståingar knytte til bruken av ordet sex?

    3. Diskuter om det blant ungdom i dag er vanskeleg å snakke om seksualitet på ein heilt vanleg måte og beskrive overfor partnaren kva dei liker eller ikkje liker. Grunngi svaret.

CC BY-SASkrive av Stine Kühle-Hansen .
Sist fagleg oppdatert 27.04.2021

Læringsressursar

Kropp og seksualitet