Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er seksualitet?

Diskuter kva seksualitet er, korleis vi kan snakke om seksualitet på ein god måte, og kva ungdom treng å lære om temaet.

Diskuter spørsmåla i grupper. De kan starte med å sjå filmen over som ein inspirasjon, men det er ikkje nødvendig. På YouTube er det ein teksta versjon av filmen.

  1. Kva er seksualitet?

  2. Korleis kan vi snakke om seksualitet i klasserommet på ein god måte? Formuler tre konkrete tips.

  3. Kva er det viktigaste ungdommar treng å lære om seksualitet?

  4. Kvifor kan det vere spesielt viktig å lære om seksualitet for ungdommar?

  5. Kva ansvar har skulen for å lære ungdommar om seksualitet?

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 25.08.2021

Læringsressursar

Kropp og seksualitet