Hopp til innhald

Oppgåve

Ungdomschattar om fest og seksualitet

Sjå på chattane under mellom ungdommar før og etter fest. Bruk desse chattane som utgangspunkt for refleksjon og diskusjonar.

Gut og jente som ser på notat saman. Foto.

Sara og Chris går i same klasse.

– Bli med på fest!

Chris og Sara går begge andreåret på vidaregåande og i same klasse. Dei har ein grei tone, men har ikkje hengt så mykje saman.

Chris har invitert Sara med på fest til kompisen Kim. Ho har spurt om å ta med venninnene Anki og Lisa, noko som var greitt.

I denne ressursen ser du chattane Chris har med kompisane Kim og Jonas og chattane Sara har med Lisa og Anki før og etter festen.

Til læraren

Klassen kan jobbe med case-oppgåvene individuelt eller i grupper. Det fungerer godt at elevane jobbar saman tre og tre. Viss elevane skal jobbe i grupper, kan det vere lurt at læraren lager grupper med elevar som er trygge på kvarandre.

For somme elevar vil desse case-oppgåvene kunne verke støytande, og dei kan synast det er ubehageleg å jobbe med dei. Læraren burde derfor kjenne klassen godt og høyre med elevane i forkant om dei synest det er greitt å jobbe med slike konkrete forteljingar.

Viss enkelte elevar ikkje ønskjer å delta, bør dei få moglegheit til å la vere eller gjere alternative oppgåver.

Tips gjerne elevane om at dei kan få opp chattane i fullskjerm ved å trykkje på knappen nedst i høgre hjørne.

Chat 1: Sara chattar med venninnene før festen

Oppgåve til chat 1

  1. Kva slags syn har Anki, Lisa og Sara på ei liggeliste?

Chat 2: Chris chattar med kompisane før festen

Oppgåve til chat 2

  1. I chatten ser vi at det er ulike standardar for jenter og gutar som har sex med mange. Kvifor trur du det er slik?

Chat 3: Chris chattar med kompisane etter festen

Oppgåve til chat 3

  1. Kva skjedde på festen ifølgje gutane?

Chat 4: Sara chattar med venninnene etter festen

Oppgåver til chat 4

  1. Kva er forskjellane mellom jentene sin versjon og gutane sin versjon av det som skjedde?

  2. Kvifor trur du gutane og jentene sine versjonar er så ulike?

Chat 5: I gråsoneland – Anki chattar med Jonas

Når noko er svart-kvitt, seier vi at skilja er tydelege, det er anten eller, ja eller nei. Når vi snakkar om gråsoner, er det ikkje så klare skilje mellom kva som er greitt og ugreitt.

Oppgåver til chat 5

  1. Korleis vil du beskrive det som skjedde mellom Jonas og Anki?

  2. Kva kunne Jonas og Anki ha gjort annleis?

Spørsmål til diskusjon eller eigenrefleksjon
  1. Kva tenkjer de er vitsen med liggelister?

  2. Er det positivt eller negativt å ha hatt sex med mange? Kvifor, kvifor ikkje?

  3. I chatten sender Kim eit bilete som han har teke av Lisa sine bryst. Er det lov?

  4. Er det greitt å utlevere sexpartnarar på den måten ungdommane gjer det i chattar?

  5. Korleis kan ulike måtar å kommunisere på, blant gutar, jenter og i ulike miljø, skape ulike forventningar til seksualitet, og kva misforståingar kan det leie til?

  6. Reflekter over kva for seksuelle gråsoner som kan oppstå på fest, og korleis ungdommar kan unngå at det utviklar seg til overgrep?

Ekstraoppgåve

Les artikkelen Seksuelle rettar (NDLA) og finn ut

  • kva seksuelle rettar er

  • om ungdommane respekterer kvarandre sine seksuelle rettar i chattane. Kvifor blir rettane respektert, eller kvifor blir dei det ikkje?

Les artikkelen Kjønn, seksualitet og kropp: Grensesetjing (NDLA) og svar på spørsmåla:

  • Kva er samtykke?

  • Kva seier lovverket om å dele seksualiserte bilete?

  • Korleis kan ein setje grenser på ein god måte?

Sist oppdatert 05.01.2022
Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid og Karl Henrik Aanesen

Læringsressursar

Kropp og seksualitet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?