Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Haldningar og seksuelle overgrep

Seksuelle overgrep har alvorlege konsekvensar. Reflekter over kva haldningar som kan føre til seksuelle overgrep og kva haldningar som kan hindre det.
Samleie. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Haldningar som kan føre til seksuelle overgrep

I denne oppgåva skal du reflektere over kva haldningar som kan føre til seksuelle overgrep.

  1. Bla gjennom korta og få kunnskap om haldningar som kan føre til seksuelle overgrep og valdtekt. Les tittelen på kvart kort og tenk over kva du trur det betyr før du snur kortet og les svaret.

  1. Skriv ein kort tekst der du reflekterer over kva haldningar du trur at kan føre til seksuelle overgrep og valdtekt.

Oppgåve 2. Haldningar som kan hindre seksuelle overgrep

I denne oppgåva skal du reflektere over kva haldningar som kan hindre seksuelle overgrep.

  1. Bla gjennom dei fire korta korta under og få kunnskap om haldningar som kan hindre seksuelle overgrep og valdtekt. Les tittelen på kvart kort og tenk etter kva du trur det betyr før du snur kortet og les svaret.

  1. Skriv ein kort tekst der du reflekterer over kva haldningar som kan hindre seksuelle overgrep.

CC BY-SASkrive av Stine Kühle Hansen og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2022

Læringsressursar

Kropp og seksualitet