Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Porno, identitet og estetikk

Korleis påverkar porno korleis du ser på kropp og kva som er attraktivt? Ser du påverknaden frå porno i kulturuttrykk rundt deg?
Kvinner i bikini viser seg fram for dømming i Miss Cosmetic Surgery-konkurransen. To kvinner står med ryggen til på eit podium. Dei har på seg undertøy og høghæla sko. Begge har langt, mørkt hår. I bakgrunnen er fleire lettkledde kvinner som går på same podium. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Desse oppgåvene gir to ulike innfallsvinklar til å utforske korleis porno påverkar kultur og identitet. Vel éi av dei, eller gjer begge.

1. Utforsk idéar om porno i klassen

  1. Les artikkelen "Korleis påverkar porno kultur og identitet?" og samanfatt hovudinnhaldet i kvart avsnitt aleine eller i par.

  2. For å utforske kva slags idéar om porno som er vanlege blant ungdom, kan det vere lurt å gjere ei anonym undersøking.

  3. I grupper: Lag spørsmål de meiner kan fange opp korleis porno kan påverke kroppsideal og relasjonar mellom menneske. Forslag til spørsmål finn du under. Hugs å ta høgd for at det òg kan vere ungdommar som ikkje har erfaringar med porno, men det kan jo vere eit interessant funn i seg sjølv.

  4. Gjer undersøkinga i papirform eller bruk digitale verktøy som Google Forms eller Microsoft Forms.

  5. Samle alle spørsmåla i éi undersøking og la klassen din – og gjerne andre klassar – svare på undersøkinga anonymt.

  6. Studer og diskuter resultata saman.

Forslag til spørsmål

Kva meiner du gjer folk attraktive?

Einig eller ueinig? "Porno er ein guteting."

Einig eller ueinig? "Porno er òg for jenter."

Einig eller ueinig? "Kroppen min liknar ikkje på kroppane i pornoen."

Einig eller ueinig? "Porno gjer meg sjølvsikker."

Einig eller ueinig? "Porno gjer meg usikker på om eg er bra nok."

Einig eller ueinig? "Porno påverkar ikkje synet mitt på seksualitet."

Einig eller ueinig? "Du kan lære mykje om sex ved å sjå på porno."

Einig eller ueinig? "Porno skaper auka kroppspress blant ungdom."

2. Kva er porno-estetikk?

  1. Diskuter i klassen: Korleis vil de definere porno-estetikken, altså korleis kroppar og ansikt blir framstilte i pornoen? Diskuter hår, mote, sminke, poseringar, kroppsfasongar, fargebruk og andre visuelle verkemiddel.

  2. Jobb i grupper og lag ein todelt kollasj, anten på papir eller digitalt. Finn bilete frå reklamar, musikkvideoar, sosiale medium og andre kjelder. (NB: Ikkje bruk bilete av privatpersonar eller bilete som er pornografiske.)

    På den eine sida plasserer de bilete de meiner låner estetikk frå pornografien. På den andre sida set de saman bilete de meiner bryt med porno-estetikken.

  3. Presenter kollasjane for klassen ved å hengje dei opp eller dele dei ein stad alle kan sjå dei.

  4. Kva er forskjellane på bileta i dei to delane av kollasjane?

  5. Diskuter: Korleis trur de ideala og verdiane pornoen formidlar, kan påverke barn og unge som veks opp i dag?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2022

Læringsressursar

Kropp og seksualitet