Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Seksualitet og samtykke

Samtykke kan vere med på å hindre seksuelle overgrep. Reflekter over kvifor samtykke er viktig og diskuter om vi burde ha ei samtykkelov i Noreg.

Oppgåve 1. Samtykke

Sjå filmen og svar på spørsmåla

  1. Kvifor er det viktig å snakke saman når de har sex eller gjer seksuelle handlingar?

  2. Korleis kan du kommunisere at du samtykkjer til ei seksuell handling? Gi gjerne konkrete døme.

  3. Korleis kan du kommunisere at du ikkje samtykkjer til ei seksuell handling? Gi gjerne konkrete døme.

  4. Kva kan gjere kommunikasjon vanskeleg i seksuelle situasjonar?

  5. Kvifor er det så viktig å kunne ombestemme seg når ein har sex?

  6. Diskuter kvar grensa går mellom det å ta initiativ til sex og det å gjere seg skyldig i seksuelle overgrep.

Oppgåve 2. Samtykkelova

Sjå filmen og svar på oppgåvene

  1. Kva er samtykkelova?

  2. Kva er dei beste argumenta for ei samtykkelov, tenkjer du? Grunngi svaret.

  3. Kva er dei beste argumenta mot ei samtykkelov, tenkjer du? Grunngi svaret.

  4. Diskuter dei ulike argumenta for og mot ei samtykkelov mot kvarandre. Burde vi ha ei samtykkelov i Noreg eller ikkje?

Ekstraoppgåve: Test deg sjølv

Kvar går grensa mellom fyllesex og valdtekt? NRK har samla fire døme på typiske festsituasjonar. Les døma, test deg sjølv, les korleis politiet bedømmer situasjonen og finn ut kva resultatet blei i retten.

NRK: Uskyldig moro eller sexovergrep?

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2022

Læringsressursar

Kropp og seksualitet