Hopp til innhald

Fagstoff

Forelsking og forhold

Ei forelsking er ulik frå person til person. Forelskingar kan vere korte, lange, hemmelege eller opne. Kva skjer med oss når vi blir forelska, korleis kan du få deg ein kjærast, og kva kjenneteiknar gode og dårlege forhold?
Ein gut og ei jente sit på ei grein og snakkar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Psykologar som har forska på kjensler, seier at forelsking består av tre grunnkjensler: ømheit, interesse og glede. Viss du ønskjer at ei forelsking skal bli sterkare mellom dykk, kan du prøve å vise meir ømheit, interesse og glede.

Er eg forelska?

Viss du har mykje av primærkjenslene ømheit, glede og interesse for ein person, så er du antakeleg i ferd med å bli forelska. Kanskje kjenner du deg oppstemt og lykkeleg berre ved å tenkje på den andre. Andre teikn på forelsking kan vere at du kjenner på sakn og tungsinn når det er avstand mellom dykk.

Rusa av forelsking

Ein forelska person kan mellom anna kjenne auka puls, kribling i magen, få varme kinn, større pupillar og kjenne seg liksom rusa. Under ei forelsking kan det skje kjemiske endringar i hjernen, seier hjerneforskarar. Dei har sett likskapar mellom ein forelska hjerne og ein hjerne påverka av rusmiddel. Begge tilstandar kan gjere at hjernen produserer fleire kjemiske signalstoff, mellom anna dopamin. Det blir kalla lykkehormon og er ein av grunnane til at vi kan gå inn i ei “boble” eller vere i ei “tåke” når vi er forelska.

Smilande, ung jente. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handtere kjensler

Det er fleire kjensler i sving når vi merkar at vi blir forelska. Det er vanleg å kjenne på litt sjalusikjensler, for den kjensla handlar om at vi er bekymra for å miste den andre. Men vi kan ikkje presse andre til å bli forelska i oss. Viss den andre ikkje er forelska i deg, blir det utløyst ein rett – retten til privatliv og retten til fridom frå tvang. Du har ansvar for å kontrollere deg, slik at du ikkje krenkjer den andre sin rett på fridom og respekt.

Mot til å spørje

Somme trivst med avstandsforelsking, og det er òg ei viktig erfaring. Andre tek mot til seg og viser interesse, ømheit og glede overfor den andre. Det er modig å ta initiativ og spørje om ein date, og det er vanleg at ein venskap kan utvikle seg til ei forelsking. Derfor er det ein smart stad å starte viss du lurer på om de passar saman. Det er tøft å spørje om kjensler. Snakkar du om kjensler med den du er interessert i, kan du få vite på kva måtar de er interesserte i kvarandre, og de kan unngå misforståingar.

10 tips til å få seg ein kjærast

  • Våg deg ut og møt folk på din eigen alder. Ta initiativ.

  • Vis positiv interesse for den du er tiltrekt av. Gi ros.

  • Foreslå eit møte og spør om de kan treffast fleire gonger.

  • Ikkje ver sjølvsentrert. Lytt meir enn du snakkar.

  • Spør kva den andre meiner og tenkjer om ting.

  • Respektar ulike meiningar. Det er ikkje nødvendig å vere heilt like.

  • Finn noko de kan le av saman. Smil og humor kan styrkje samhaldet.

  • Nærm deg den andre fysisk gradvis og omsynsfullt.

  • Prøv å kysse forsiktig og sjå om det blir godt motteke.

  • Respekter den andre sine grenser.

OPPSUMMERT: Få folk til å kjenne seg vel!

Publikum strekkjer hendene i veret mot scenen. Foto.

Kåt eller forelska?

Det er forskjell på å vere kåt og å vere forelska, men begge delar er unikt for deg. Svaret på kva du blir kåt av, og kven du blir forelska i, får du ved å lytte til eigne kjensler, men det kan ta litt tid å bli kjend med desse kjenslene. Det er ikkje uvanleg å vere forelska utan å vere kåt og kåt utan å vere forelska.

Forelskinga blei borte

I alle relasjonar skal det vere respekt, rettferd og likeverd. I praksis betyr det at begge sine interesser og ønske skal telje like mykje – ha like stor merksemd. Når det ikkje skjer, tek ofte forhold slutt. Mange har slutta å vere forelska fordi dei ikkje har kjent seg sett, høyrt og teke omsyn til. Vil du styrkje ei forelsking, bør du investere i felles tid, god nærleik og begge sine interesser.

Sint jente kikkar på ein vaksen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gode og dårlege forhold

I starten når du er veldig forelska i ein person, er du nesten “rusa”. Då kan det hende at du ikkje merkar at forholdet ikkje er så bra. Kanskje var forholdet bra i starten, men så blei det usunt og destruktivt. Blir du behandla dårleg, har du grunn til å bryte forholdet.

Å halde fram med å vere hos ein kjærast som ikkje respekterer deg, kan gå ut over både den fysiske og psykiske helsa din. Du kan merke det på ulike måtar, mellom anna gjennom vondt i kroppen, mageknip, hovudverk, søvnproblem, motløyse, redusert sjølvtillit, konsentrasjonsproblem og tungsinn. Nedanfor kan du lese nokre teikn på gode og dårlege forhold.

Typiske kjenneteikn på eit godt forhold

  • mykje moro

  • snillskap

  • spenning

  • venlegheit

  • likeverd

  • rettferd

  • tillit

  • ro

  • tryggleik

  • tilfredsstillande seksuelle aktivitetar

OPPSUMMERT: Du kjenner glede og får energi når de er saman.

Typiske kjenneteikn på eit dårleg forhold

  • uvisse

  • utryggje

  • latterleggjering

  • kontroll

  • mykje sjalusi

  • mykje skam

  • stress

  • press

  • tvang

  • utilfredsstillande seksuelle aktivitetar

OPPSUMMERT: Du kjenner frustrasjon og blir tappa for energi når de er saman.

Ønskjer du nokon å snakke med?

Det kan ofte vere lurt å finne nokon du stoler på når du vil snakke om forelskingar og forhold. Det kan vere vener, slektningar og familie. Enkelte kan synast det er lettare å snakke med nokon i ein kontakttelefon eller ei chatteteneste, til dømes:

Det finst òg fleire andre på skulen, og utanfor, som du kan ta kontakt med:

Er du usikker på om du er i ein sunn relasjon? Ta ein test på ungerelasjoner.no og les meir om kva du kan gjere viss du er i ein usunn relasjon.

Kjelder

Helseutvalget (2021, 22. oktober). Forelskelse. https://www.helseutvalget.no/kunnskap/forelskelse

Knudsen, A. K. (Programleiar). (2018 - notid). Følelsenes anatomi 1:4, 2:4, 3:4 og 4:4. EKKO - Samfunnspodden NRK. https://bit.ly/3kSxmRD

Lein, M. (2011, 14. februar). Forelsket, men hvorfor? Norsk Helseinformatikk (NHI.NO). https://nhi.no/livsstil/egenomsorg/forelsket-men-hvorfor/

Sandø, S. (Programleiar). (2016 – nåtid). Forelskelse. NRK TV. Newton. https://bit.ly/3DxTGqZ

Westeng, K. (2019, 14. januar). Hva er forelskelse? Psykologer avliver fire myter. Nettavisen, Samliv. https://bit.ly/3oGVV55

CC BY-SASkrive av Stine Kühle-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022

Læringsressursar

Kropp og seksualitet