Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er sexpress?

Sexpress betyr å bli utsett for seksuelle fysiske eller psykiske tilnærmingar utan at du ønskjer slik merksemd. Vi kan oppleve sexpress frå ukjende, men dei fleste opplever sexpress frå kjende.
Mann rører låret til ein kvinneleg kollega. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Subjektiv kjensle

Sexpress blir definert som ei subjektiv oppleving av å ikkje bli respektert. Opplever du at du blir utsett for sexpress, så eig du den definisjonsmakta. Reagerer du til dømes på at nokon tek deg på rompa, så hjelper det ikkje at dei seier at dei berre kødda. I Noreg har vi lover som seier at ingen skal bli utsette for uønskt seksuell merksemd eller uønskt seksuell kontakt. Det handlar om å respektere grenser.

Pressar eg?

Det skal vere fritt for sexpress overalt i alle situasjonar og relasjonar – på skulen, på jobb, heime og på fest. Er du redd for at du er ein som masar? Det kan du unngå ved å vere merksam, lytte til den andre og respektere at de kan ha ulike ønske. Somme gonger må du rett og slett berre gå eller slutte med all kontakt.

Blikk

Mange trur at sexpress berre er ei fysisk handling, men sexpress kan òg vere psykisk. Viss du opplever at ein person stirer på deg, følgjer deg med blikket og kjem med ein kommentar sjølv om du signaliserer at du ikkje ønskjer merksemd, så blir du utsett for sexpress. Det kan opplevast som ei psykisk påkjenning for den det gjeld. Både fysisk og psykisk sexpress kan vere eit problem i arbeidslivet, og #metoo- kampanjen var mellom anna ein protest mot sexpress.

Sexpress frå gjengen

Vi kan oppleve sexpress frå venegjengar. Russeknutar som handlar om ein eller annan seksuell aktivitet, kan opplevast som sexpress. Mykje mas frå vener eller venninner om at du ikkje ha debutert med samleie, kan òg opplevast som sexpress. Pressar nokon deg til å sende eller sjå på nudes eller porno, blir òg det definert som sexpress.

Respekt

Sexpress handlar om å ikkje respektere grensene til andre. Men kva er respekt? Det er å spørje, vise omsyn og ikkje presse med ord, bilete, kroppen eller kroppsspråket. Når de er saman, skal alt mellom dykk vere frivillig og respektfullt. Det gjeld anten de er vener, kjærastar eller "knullekompisar". Eit døme på respekt er at eit klart NEI blir respektert. Men du treng ikkje uttale slike stopp-ord. Du skal òg bli respektert om du trekkjer deg unna eller skyv den andre vekk. Viss ikkje det blir respektert, er det sexpress.

Sju raudruss sit på ein benk. Dei har på seg raude russebukser, joggesko og elles vanlege klede. Ansikta deira visast ikkje på biletet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Seksualisert samfunn

Forskarar seier at dagens samfunn er seksualisert. Det betyr at aktørar i samfunnet bruker seksuelt innhald som klikkagn (klikkbait) for å få merksemd.

Seksuelle verkemiddel kan vere i reklame, filmindustrien eller i musikkvideoar. Somme kan synast at ein slik seksualisert kultur er påtrengjande. Dei blir lei det og tek avstand frå det. Enkelte kan bli inspirerte, nærast kåte av seksualiseringa i samfunnet og få forventningar om at alle andre er like gira som dei sjølv. Viss dei er pågåande overfor andre, og ikkje tek eit hint, kan vi seie at dei driv med sexpress.

Porno

Mange kan få uheldige idéar frå porno. Porno bruker ofte press, tvang og dominans som filmatiske verkemiddel og viser ikkje ekte relasjonar eller korleis vi skal respektere når den andre seier "Nei, eg er ikkje interessert."

Sidan porno er så tilgjengeleg, er det mange som ser på det, og mange kan bli påverka av måten sex blir framstilt på – som noko det går an å presse seg til. I det verkelege livet er press og uønskte berøringar berre ubehageleg.

Trafikklys som viser raudt lys, grøn pil og raud mann. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stopp midt i

Alt – anten det er kyss, oralsex, penetrering eller noko anna – skal kjennast frivillig kvart sekund. Det betyr at sjølv om de er midt i eit samleie, må du stoppe viss den andre ønskjer det. Det er viktig å følgje med når du gjer ein seksuell aktivitet med ein annan person. Det er som å følgje med på trafikklys. Først har du kanskje grønt lys, men så får du raudt lys og må stoppe. Det er like tydelege grenser i senga som i trafikken. Viss du køyrer når du ikkje har løyve eller “grønt lys”, bryt du ei lov. Signala frå kroppen skal respekterast like mykje som lyssignala i trafikken.

Sjef over eigen kropp

Menneske er ikkje robotar. Vi skiftar meining fordi vi har ein kropp med kjensler. Plutseleg kan noko kjennast kjedeleg, vondt eller rett og slett berre feil. Du treng ingen grunn til å vilje stoppe ein seksuell aktivitet. Det er grunn god nok at du er sjef over eigen kropp. Å kunne få ombestemme seg når som helst er ein menneskerett.

Seksuelle rettar

Vi har alle seksuelle rettar. Det betyr at du sjølv bestemmer over eigen kropp og kva seksuelle handlingar du skal vere med på. Les meir i artikkelen "Seksuelle rettar".

Opplever du sexpress?

Uansett kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og livssyn har du krav på hjelp når du opplever sexpress. Du kan få hjelp fleire stader viss du opplever ubehageleg seksuell merksemd. Det finst hjelpetelefonar, senter og chatte-tenester. I tillegg er ungdomshelsetenestene og helsestasjonane til for ungdom. Der kan du snakke om alt du vil.

Relatert innhald

Ifølgje dei seksuelle rettane har alle rett på eit meiningsfullt, sjølvstyrande og sunt seksualliv.


Kjelder

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (2021, 19. desember). Snakk med ungdom om sexpress og voldtekt https://www.bufdir.no/foreldrehverdag/ungdom/grenser-bekymring-og-sex/snakk-med-ungdom-om-sexpress-og-voldtekt/

Berggrav, S. (2020). "Et skada bilde av hvordan sex er." Ungdoms perspektiv på porno. Redd barna – rapport. https://www.medietilsynet.no/globalassets/publikasjoner/2020/rapport-redd-barna-mai-2020-et-skada-bilde-av-hvordan-sex-er.PDF

NTB (2013, 27. mai). Unge kvinner mest utsatt for sexpress på jobben. Forskning.no. https://forskning.no/likestilling/unge-kvinner-mest-utsatt-for-sexpress-pa-jobben/1134031

Sfrintzerid, Y. (2018, 22. oktober). Sexpress på asylmottak: Unge menn kjenner seg utnyttet av norske kvinner. VG. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/kark8b/sexpress-paa-asylmottak-unge-menn-foeler-seg-utnyttet-av-norske-kvinner

Sætre, M. & Hofseth, C. & Kjenn, B. L. (2018). Trender i kriminalitet 2018-2021. Oslo politidistrikt. Strategisk analyse, 2018. https://www.nhri.no/wp-content/uploads/2018/10/Rapport-fra-Oslo-politidistrikt-Trender-i-kriminalitet-2018-2021-2018.pdf

CC BY-SASkrive av Stine Kühle-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2022

Læringsressursar

Kropp og seksualitet