Hopp til innhald

Fagstoff

Porno

Filmar som viser seksuelt innhald der målet er å gjere tilskodaren kåt, blir kalla pornofilmar eller porno. Porno er skodespel og fiksjon, ikkje fakta. Enkelte ser på porno fleire timar i veka. Andre har aldri sett porno. Kva er eigentleg lovleg og ulovleg porno?
Ein person ser på sexbilete på ein datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kor mange har sett på porno?

Nesten halvparten av norske 13–18-åringar har sett porno på nett, og dei som ser porno, blir stadig yngre. Dei som lagar pornofilmar, bruker mykje tid og pengar på å lage mange ulike filmar, slik at så mange som mogleg av tilskodarane skal finne noko dei tenner på seksuelt. Porno er lett tilgjengeleg fordi denne industrien bruker mykje reklame for å få flest mogleg brukarar.

Viss vi diskuterer korleis pornoen framstiller seksuelle aktivitetar, kan vi lære oss forskjellen på fantasi og fakta.

Ekte orgasmar?

Porno handlar mykje om å setje i scene ein orgasme eller noko som liknar på det. Ekte orgasmar i det verkelege livet har fleire kjenneteikn. Orgasmar kan kome med og utan stønn, med og utan “eg elskar deg”, aleine og samtidig med partnar. Somme gonger gir ein orgasme ein glød i ansiktet, litt raudne i kinna og større pupillar. Orgasmar gir ofte huda ein augneblink med “gåsehud”, og brystknoppar blir hardare hos alle kjønn. Både penis og klitoris kan ha våte og tørre orgasmar i det verkelege livet.

I porno er mykje "fake". Både lyd og bilete blir retusjerte, og det er vanleg at skodespelarar fakar orgasmar – både menn og kvinner. “Gåsehud” kan framkallast av isbitar, men ein klipper bort den augneblinken ein gnir isbiten på huda. Ekte sæd kan erstattast av krem i pornofilm, men ein klipper bort vinkelen som avslører kremtuben. Ekte ereksjon blir ofte erstatta av piller som gjer penisen til pornoskodespelarane stiv. I pornobransjen er dette triks og snarvegar. Grunnen er at jo meir noko ser ut som ereksjon og orgasme, di meir pengar kan bransjen tene.

Pornotrendar

Pornobransjen produserer millionar av filmar som kan påverke synet vårt på mellom anna kroppen. Men ideala til pornoen når det gjeld utsjånad og seksuelle aktivitetar, har endra seg gjennom tidene. Det er stor forskjell på forteljingar pornoprodusentane viser – då og no. Eit ideal og ein trend dei siste tiåra har vore at kroppen på dei fleste pornoskodespelarane skal vere glattbarbert. Forskarar lurer på om det er grunnen til at mange i det verkelege livet òg barberer håret på kjønnsorgan, i armholer og rundt rumpeholet.

Ei jente søv på magen på ei seng og held ei flaske i handa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein trend i porno er scener som viser såkalla “Sleeping beauty”. Sånne scener handlar om ein mann som gjer seksuelle aktivitetar med ei sovande kvinne. Ho ligg livlaus og gjer ingen motstand sjølv om han penetrerer henne. I verkelegheita er slike handlingar definerte som sove-valdtekt. Det er mange ungdommar som ikkje veit at det er straffbart å gjere seksuelle aktivitetar med ein sovande, bevisstlaus eller rusa person. Ifølgje politiet så har denne typen valdtekter auka dei siste åra.

Ulovleg porno

Det er mykje nettporno som bryt med menneskerettane og Noregs lover – mellom anna pornofilmar med barn. Dette kallar politiet for filma overgrepsmateriale. Politiet sine spesialistar på seksualbrotsverk og ulovleg porno har utvikla metodar for å finne personar som ser på, lastar ned eller distribuerer ulovleg porno. Kvart år stoppar Kripos i politiet millionar av søk i Noreg. Dei blokkerer omkring 16000 ulovlege pornovisingar per døgn og rundt 5,5 millionar i året, i Noreg. Internett er eit slags vegnett, og det er mogleg å registrere trafikken der. Dei kan telje personar, sjå kva dei søkjer på, kor lenge dei er på ei side, og dei kan sjå kva den enkelte lastar ned.

Ulovleg porno i straffelova

Det er etter straffelova § 317 straffbart å gi ut/selje "kjønnslige skildringer som virker støtende eller på annen måte er egnet til å virke menneskelig nedverdigende eller forrående, herunder kjønnslige skildringer hvor det gjøres bruk av lik, dyr, vold og tvang." Det er likevel ikke straffbart med "kjønnslige skildringer som må anses forsvarlige ut fra et kunstnerisk, vitenskapelig, informativt eller lignende formål."

Ein mann og ei kvinne har sex. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For og mot porno

Ganske mange liker ikkje porno og har sett lite eller ingenting. Det er mange ulike grunnar til det. Somme meiner at seksuallivet skal vere privat, og at det derfor ikkje skal visast eller “blir selt”. Derfor vil dei ikkje sjå på at andre gjer noko seksuelt verken gjennom porno eller andre stader. Andre meiner at porno er kvinnefiendtlig, at dei kvinnelege skodespelarane blir dårleg behandla, og at seksuallivet til kvinner blir feil framstilt. Mange meiner at pornoindustrien er spekulativ og gir eit feil bilete av seksualiteten, eller at han bidreg til vranglære av kva ekte nyting er.

Enkelte liker såkalla feministisk porno. Denne typen porno er laga for å protestere mot diskriminerande porno. Forteljingane der er ofte lengre, og skodespelarane ser meir nøgde ut.

Produsentane av porno seier at dei er forkjemparar for ein fri og lovleg seksualitet. Andre positive omtalar av porno handlar om at filmane viser mangfald. Døme kan vere at personane som gjer seksuelle aktivitetar, har ulike kjønn, ulike kroppsfasongar, ulike hudfargar, ulike vektklassar og ulike ting dei blir kåte av.

Kjelder

Berggrav, S. (2020). ET SKADA BILDE AV HVORDAN SEX ER: Ungdoms perspektiv på porno (Redd Barna, mai 2020). Medietilsynet. Henta https://www.medietilsynet.no/globalassets/dokumenter/rapporter/200526_redd_barna_rapport_porno.PDF

Dahlback, M. L. (2021. 12. april). Uvisst hvor lenge norske ungdommer ser på porno før de har sex for første gang. (Sist oppdatert 17. juni 2021). Henta frå https://www.faktisk.no/artikler/z8623/uvisst-hvor-lenge-norske-ungdommer-ser-pa-porno-for-de-har-sex-for-forste-gang

Medietilsynet (2020). BARN OG MEDIUM 2020: Ungdoms erfaring med porno på nett (Delrapport 5. mai, 2020). Henta frå https://www.medietilsynet.no/globalassets/publikasjoner/barn-og-medier-undersokelser/2020/200526-delrapport-5-ungdoms-erfaring-med-porno-pa-nett_barn-og-medier-2020_.PDF

NRK. (2020, 26. mai). Medietilsynet: Flere mindreårige har sett porno på nett. nrk.no Norge. Henta frå https://www.nrk.no/norge/medietilsynet_-flere-mindrearige-har-sett-porno-pa-nett-1.15029490

Peter, J. & Valkenburg, P. M. (2016). Adolescents and Pornography: A Review of 20 Years of Research. The Journal of Sex Research 53 (4-5): 509-531. https://doi.org/10.1080/00224499.2016.1143441

Østbø, S. (2020, 27. oktober). Opprørt over porno-sketsjar på NRK. VG. Rampelys. Henta frå https://www.vg.no/rampelys/i/vaam0x/opproert-over-porno-sketsjer-paa-nrk


CC BY-SASkrive av Stine Kühle-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 06.07.2021

Læringsressursar

Kropp og seksualitet