Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis snakke om porno?

Porno er ein del av mange ungdommar sine liv, men blir ofte ikkje snakka om. I 2021 laga Asan ein reklamefilm som tek opp påverknaden frå porno. Sjå filmen og diskuter korleis vi kan snakke om porno og seksualitet i klasserommet.
Ei kort skildring av reklamefilmen "Intimitet"

I denne reklamefilmen ser vi Espen og Emilie som kliner og har samleie. Dei er intime, ser kvarandre i auga, er merksame og berører kvarandre forsiktig og sensuelt. Vi ser òg at dei fomlar litt, Espen får ikkje opp bh-en til Emilie, og Emilie tek av Espen sokkane. Samleiet mellom Espen og Emilie stoppar opp undervegs, utan at vi heilt veit grunnen. Men dei reagerer med å smile og halde kjærleg rundt kvarandre.

Som ein kontrast til bileta av det intime forholdet mellom Espen og Emilie ser vi i første del av filmen ein chat mellom Espen og kameraten Chris. Chris spør om korleis det gjekk i går og bruker mange ord frå porno: "BJ", "doggy" og "anal". Espen startar med å svare at han trur han er litt forelska, før han slettar meldinga. I staden svarer han at ho var rett på "reverse cowgirl" og kom tre gonger.

Som ein kontrast til bileta av samleiet i andre del av filmen ser vi ein chat mellom Emilie og venninna Helene. Helene skriv "Korleis gjekk det i går?" og "Stor?". Emilie startar med å svare at "det var heilt fantastisk", før ho slettar meldinga og i staden sender ein emoji av ein aubergine og ein med eit blunkefjes og utstrekt tunge.

Til slutt blir det vist ein tekstplakat som fortel at mange ungdommar ser porno i fleire år før dei debuterer seksuelt. Så kjem eit spørsmål om kva det gjer med oss og ei oppmoding om å ta vare på intimiteten.

Til læraren

For somme elevar kan dette temaet vere ubehageleg å snakke om. Læraren bør derfor kjenne klassen godt og høyre med elevane i forkant om korleis dei synest det er best å jobbe med temaet.

Det kan òg vere lurt å la elevane jobbe i grupper som dei er trygge på, og gjere det klart at det er greitt å ikkje seie noko viss dei ikkje ønskjer å delta i diskusjonen.

Noko anna som er lurt, er å gjere det klart for elevane i forkant at dei ikkje skal dele personlege erfaringar og opplevingar.

Viss enkelte elevar ikkje ønskjer å delta, bør dei få moglegheit til å la vere eller gjere alternative oppgåver.

Oppgåve 1. Påverknad frå porno

Sjå filmen og diskuter:

  1. Kva slags syn på seksualitet synest de denne reklamefilmen formidlar?

  2. På kva måtar kritiserer filmen påverknaden frå porno?

  3. Trur de denne filmen gir eit rett inntrykk av korleis nokon ungdommar snakkar saman på sosiale medium i dag?

  4. Kvifor trur de Asan har valt å lage ein slik reklamefilm?

  5. Denne reklamefilmen blei fjerna frå YouTube og Facebook fordi han viste seksuelle handlingar og nakenskap. Kva tenkjer de om at denne typen filmar blir sensurerte?

Oppgåve 2. Korleis snakke om porno i klasserommet?

Porno kan vere eit kjenslevart tema å ta opp i klasserommet. Diskuter i grupper:

Her er nokre tips til korleis de kan snakke om porno i klasserommet. Er de einige eller ueinige i tipsa? Grunngi svaret.

  • Unngå å dømme andre.

  • Ikkje bli for personleg og unngå å fokusere på eigne erfaringar.

  • Humor er fint, men ikkje gjer narr av kvarandre.

  1. Kva trur de sjølv er det viktigaste for å få til ein open og inkluderande samtale om porno i klasserommet? Formuler minst to konkrete tips.

Oppgåve 3. Pornotabu?

  1. Er det tabu å snakke om porno mellom

    • venner, venninner og klassekameratar

    • foreldre

    • slektningar

    • elevar og lærarar i klasserommet

  2. Kvifor trur de porno kan vere tabu å snakke om?

  3. Diskuter om det burde vere meir openheit om porno. Grunngi svaret.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2022

Læringsressursar

Kropp og seksualitet