Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rollespel: Seksuelt overførbare infeksjonar

I denne aktiviteten skal vi gjennom rollespel simulere smitteoverføring av kjønnssjukdommar.
Ungt par kyssar på dansegolvet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tidsbruk: Aktiviteten kan gjennomførast på 45 min.

Bakgrunnsteori

Seksuelt overførbare infeksjonar, også kjent som kjønnssjukdommar, er ei gruppe sjukdommar som i hovudsak smittar ved sex. Både bakteriar og virus kan gi seksuelt overførbare infeksjonar. Her kan du lese meir om smittetal (FHI) for dei vanlegaste kjønnssjukdommane i Noreg.

Dei vanlegaste Kjønnssjukdommane

Namn på kjønnssjukdom

Type mikroorganisme

Namn på mikroorganisme

klamydia

bakterie

Chlamydia trachomatis

gonoré

bakterie

Neisseria gonorrhoeae

syfilis

bakterie

Treponema pallidum

herpes

virus

herpes simplex type 1
herpes simplex type 2

hiv

virus

humant immunsviktvirus

kjønnsvorter (kondylom)

virus

humant papillomavirus (HPV)

hepatitt

virus

hepatitt A-virus
hepatitt B-virus

Formål

I denne aktiviteten skal vi simulere smitteoverføring av kjønnssjukdommar med rollespel.

Førebuingar for lærar

Utstyr:

  • eitt begerglas til kvar elev

  • eingongspipette til kvar elev

  • lappar med ulike roller

  • 2 erlenmeyerkolbar på 1 liter

  • "kroppsvæske": ei blanding av melis, vatn og mjølk

  • "kroppsvæske med smitte": ei blanding av melis, vatn, mjølk og stivelsesløysing

  • jodløysing

Førebuingar:

Dette kan gjerast nokre dagar i førevegen så lenge løysingane står i kjøleskap. Stivelsesløysinga må rørast godt ut før bruk.

  1. Tillaging av «kroppsvæske»: Bland saman like mengder vatn, melis og mjølk i ein erlenmeyerkolbe. Rør godt, gjerne med ein magnetrørar. Berekn volum slik at du har 50–100 ml «kroppsvæske» til alle elevane, bortsett frå to eller tre.

  2. Tillaging av «kroppsvæske med smitte»: Bland saman like mengder vatn, potetmjøl og mjølk i ein erlenmeyerkolbe. Rør godt, gjerne med ein magnetrørar. Berekn volum slik at du har 50–100 ml «kroppsvæske med smitte» til to eller tre elevar. I ein klasse på 30 elevar kan det med fordel vere fire smitta.

  3. Fordel «kroppsvæske» i alle begerglasa bortsett frå to eller tre.

  4. Fordel "kroppsvæske med smitte" i dei siste to eller tre begerglasa. Desse elevane er smitteberarar.

  5. Test at jodløysing du har tilgjengeleg, gir positiv test på stivelsesløysinga du har laga. Det skal bli blåsvart farge når du dryper jodløysinga i stivelsesløysinga.

  6. Klipp ut lappar med ulike rolleskildringar til elevane. Sjå forslag til roller i vedlegg.

    1. vedlegg A: kjønn og seksuell orientering

    2. vedlegg B: seksuelle vanar

    Kvar elev skal trekkje ein lapp frå vedlegg A og ein frå vedlegg B, som til saman definerer rolla til eleven.

  7. Sett fram begerglasa før timen slik at du har eitt glas per elev som er halvfullt med anten "kroppsvæske" eller "kroppsvæske med smitte". Det vil då vere uvisst for elevane kven som er smitteberar.

Gjennomføring:

Når aktiviteten har gått føre seg ei stund, avslører læraren at det er nokon som har ein overførbar kjønnssjukdom, og at alle elevane må testast.

Saml elevane og drypp like mange dropar jodløysing i kvart av begerglasa. Positiv smittetest blir avdekt med blåsvart farge frå "kroppsvæske med smitte". Dersom alle elevane har gjennomsiktige glas, ser ein tydeleg at smitten har spreidd seg i gruppa. Dette vil òg avdekkje kven i klassen som var smitteberarar.

NB! Tilpass aktiviteten til gruppa. Aktiviteten passar berre for elevar som er trygge på kvarandre og på læraren. Understrek at dette berre er rollespel, og unngå at elevane bruker namn på andre i klassen.

Filer

Rollespel: simulering av seksuelt overførbare infeksjonar

Tips!

Det kan vere gøy å setje eit tema for rollespelet, til dømes at klassen er på festival, sydentur, russefeiring, fest eller liknande, og spele av musikk som passar til temaet.

  1. Kvar elev trekkjer ei rolle med kjønn, seksuell legning og seksuelle vanar.

  2. Alle får utdelt kvar sin pipette og vel seg eit begerglas med kroppsvæske.

  3. Passande musikk blir sett på, og elevane skal no ha med seg glasa med "kroppsvæske" og mingle rundt med kvarandre mens dei speler ut rollene sine. Det er rollene som avgjer om elevane som møtest, skal ha sex og dermed blande "kroppsvæske" med kvarandre eller ikkje.

    • utan prevensjon: bland "kroppsvæske" med kvarandre ved bruk av pipetten

    • med prevensjon: skål med kvarandre utan å overføre "kroppsvæske"

  4. Etter ca. 10 minutt med mingling til musikk kjem læraren med ei avsløring som avsluttar rollespelet.

Døme på rollespel

Roller:

  • Per er singel og har ofte ubeskytta sex med motsett kjønn på første date.

  • Jessica er singel og har sjeldan sex med motsett kjønn på første date, men det kan skje. Ho går på p-piller og er ikkje så nøye med kondom.

Mingling – Per og Jessica møtest

Per: "Hei! Kven er du?"

Jessica: "Hei, eg er Jessica."

Per: "Har du sex med motsett kjønn?"

Jessica: "Ja! Skal vi ha sex?"

Per: "Ok! Eg bruker ikkje kondom, då!"

Jessica: "Men det går bra, eg går på p-piller."

Så blandar dei kroppsvæsker og går vidare til neste.

CC BY-SASkrive av Guro Øistensen Jørgensen og Elida Arstad Skøien .
Sist fagleg oppdatert 30.11.2023

Læringsressursar

Kropp og seksualitet