Hopp til innhald

Fagstoff

Tilfredsstillande seksualitet

Korleis får vi eit tilfredsstillande seksualliv aleine og saman med andre? Somme av draumane og fantasiane våre kan gi oss hint om kva vi kunne tenkje oss å utforske nærare.
To kvinner står og held rundt kvarandre, mens dei ser ut over ein by. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hint i fantasiar

Ungdomstida er ofte ein gullalder med tanke på erotiske draumar og fantasiar. Alt er lov å tenkje på, men alt er sjølvsagt ikkje lov å gjere. Tek du dine eigne fantasiar på alvor, kan du bli betre kjend med deg sjølv. Til dømes viss du ser for deg at du blir kyssa i nakken, kan det bety at du er ekstra kjenslevar der. Eller viss du ser for deg at du flettar fingrar med den andre, så kan det bety at hendene dine kan utløyse sterke kjensler.

Like viktig som å bli kjend med eigne indre lyster er det å spørje kva den andre fantaserer om. Det kan gi dykk gode tips til kva de vil utforske.

Øve saman

Vi lever i eit land der alt er lov å gjere og prøve, så lenge det er mellom jamaldra – og så lenge begge er i stand til å samtykkje. Kvart sekund skal vere frivillig. Respekterer du desse rammene, har du både fridom og tryggleik til å sjekke ut om ein fantasi kan fungere. Har de god kommunikasjon mens de gjer seksuelle aktivitetar, kan de verkeleg tilfredsstille og oppfylle kvarandre sine ønske.

Seksuell debut

Ein sexdebut kan vere første kyss, første munnsex, første onanering aleine, første onanering saman, første samleie eller første analsex – for å nemne somme alternativ. Ein sexdebut treng altså ikkje å vere samleie.

Alle seksuelle erfaringar tel som verdifull erfaring. Det er ikkje uvanleg å samleie-debutere etter at ein har blitt 18 år. Gjennomsnittleg samleiedebutalder i Noreg er 17,1 år for jenter og 17,9 år for gutar. Dette betyr at somme har samleie for første gong før denne alderen, og andre etter.

Dei fleste norske ungdommar samleie-debuterer med ein kjærast, og ikkje med ein tilfeldig partnar. Det er ikkje så vanleg å debutere på ein fest i fylla som nokon trur.

For dei fleste er første samleie ei handling som har vore ønskt og planlagt. Dei fleste er tilfredse etterpå og angrar ikkje. Viss du ventar på "den rette" før du debuterer med samleie, kan du i mellomtida øve på sjølvstimulering. Det varetek ditt eige seksualliv på ein fin måte.

God kommunikasjon

Å få tilfredsstillande opplevingar i senga eller andre stader handlar eigentleg om at begge er tydelege på beskjedar og signal. Til dømes kan du spørje: "Fungerer det eg gjer med handa no?" Partnaren din svarer kanskje: "Ja, men litt fortare." Eller til dømes viss du ligg med ansiktet mellom beina på den andre og gjer munnsex, så kan du lytte etter signal på at det du gjer, er herleg – og ikkje vondt.

Det kan vere vanskeleg å tyde lydar. Var det eigentleg eit tilfreds klynk eller eit smerteklynk? Er du i tvil, så spør du berre. All erotikk skal vere godt. Til dømes så kan du spørje: "Ønskjer du mjukare eller hardare berøring?" "Ønskjer du raskare eller langsamare stimuli?" "Ønskjer du meir smørjing?" "Kvar ønskjer du å å bli rørt ved?" Med slike spørsmål viser du at du bryr deg om den andre si nyting.

To ungdommar kyssar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sunn sjølvhevding

Enkelte trur at dei skal vere snille og seie ja til alt og alle forslag. Det gjer deg ikkje til ein superelskar. Kvifor ikkje? Jo, fordi seksualiteten til to personar er ikkje så enkel.

Kvar kropp er unik med ulike kjensler og nervar. Og det er dette unike du skal finne ut av både hos deg sjølv og hos den andre. Spør deg sjølv: "Kva liker eg aller, aller best?" Det er viktig å seie til den andre: "Det du gjer no, er ikkje godt for meg. Kan vi gjere noko anna?" Foreslå eller vis det du føretrekkjer. Er du ein som prøver å setje ord på det seksuelle som skjer mellom dykk? Bra, hald fram med det!

Sjenert

Å vere litt sjenert er ikkje uvanleg når vi er nakne saman. Då kan vi roe kvarandre med å seie noko fint til kvarandre som gir sjølvtillit. Somme kan vere sjenerte fordi dei er utrygge på korleis dei blir mottekne. Viss du er vand med å bli vurdert og kommentert i dagleglivet, så kan du tru at du òg vil bli evaluert i senga. Når kroppar ofte blir kommentert, kritisert og vitsa om, kan dette setje spor og gjere oss sårbare når vi skal vere nakne og intime med andre til stades. Uvisse og sjenanse kan utkonkurrere nytinga. Då er løysinga å skape tryggleik.

Ikkje posering

Mange fortel at dei er så opptekne av å posere, at dei gløymer å nyte. Dei gløymer å kjenne etter kva for berøringar som kjennest gode ut. Når vi bruker mykje av fokuset vårt på å tenkje på utsjånad, kan det bli lite krefter igjen til å delta kroppsleg, og det kan bli vanskeleg å oppnå både kåtskap og orgasme.

Det er ikkje kroppen sin utsjånad, men kjensler og sansar som er viktigast for det seksuelle samspelet. Tipset er å ikkje samanlikne deg med retusjerte bilete i reklame, filmar og porno, men nyte den kroppen du har. For når vi klarer å frigjere oss frå krav og ideal, kan det bli enklare å kople seg til dei seksuelle kjenslene som skjer inne i kroppen.

Magen til ei kvinne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ikkje ein prestasjon

Å liggje nær kvarandre i senga og kose, sjå kvarandre i auga, ta på kvarandre, smake på kvarandre og lytte til kvarandre sin pust er med på å gi intensitet til stunda. Jo meir samkøyrde de er i dette samspelet med ord, uttrykk og kroppsspråk, jo meir felles blir opplevinga.

Somme trur at seksuallivet handlar om å prestere som om det var ein jobb vi må utføre aleine. Det er ei misforståing, og den tanken kjem ofte frå pornofilmar. Der blir seksuelle aktivitetar vist fram som ein jobb som blir gjord på andre, på kommando. I det verkelege livet, derimot, handlar eit tilfredsstillande seksualliv om å gjere noko saman fordi vi liker kvarandre.

Det er òg vanleg at kåtskapen går opp og ned. At ereksjonen kjem og går, er den heilt naturlege måten kroppen verkar på. Slike minutt, når det ikkje er ereksjon, er som oftast klipt bort frå pornofilmar. Det kan gi ei forventning om at kjønnsorgan skal stå heile tida, men slik er det ikkje i det verkelege seksuallivet.

Stimulere seg sjølv

Å tilfredsstille seg sjølv blir mellom anna kalla onani, runking, fingring og klittring. Massering av eigne kjønnsorgan kan ofte gi rask kåtskap og orgasmar. Somme blir kjende med eigne kjønnsorgan lenge før puberteten, andre etter puberteten. Det er individuelt når, korleis og kor ofte ein masserer eige kjønnsorgan.

Felles for sjølvstimulering er å gni, stryke eller presse på hovudet til kjønnsorganet, fordi det er der dei fleste nervane sit. Klitorishovudet har dobbelt så mange nerveendar som penishovudet. Somme treng mykje smørjing for at masseringa skal kjennast deilig og ikkje vond. Klitorishovudet trivst oftast med meir forsiktig og våt massasje enn det penishovudet trivst med, fordi penis har hengt og gnissa mot klede og blitt herda. Penis toler derfor ofte hardare massasje. Sjølvstimuleringa kan vare så lenge du sjølv ønskjer, men vanlegvis blir det gjord i nokre få minutt eller ein halv time.

Massering og utforsking av eige kjønnsorgan i fred og ro kan gjere seksuallivet enklare seinare, når ein får ein partnar og skal debutere med andre seksuelle aktivitetar. Onani er ei nyting du tek med deg heile livet.

Kjelder

Dinutvei.no (2015, 9. november). Hva sier straffeloven om seksuell omgang og voldtekt? https://dinutvei.no/lover-beskyttelse/straff-seksuell-omgang-voldtekt/

Metodebok for seksuell helse.no (2021) Ungdom og seksualitet. https://emetodebok.no/kapittel/sexologi/ungdom-og-seksualitet/#

Helse og omsorgsdepartementet. (2016) Snakk om det! Strategi for seksuell helse (2017–2022). https://www.regjeringen.no/contentassets/284e09615fd04338a817e1160f4b10a7/strategi_seksuell_helse.PDF

Norsk forening for klinisk sexologi (2019, 15. november). Erklæring om seksuell nytelse. https://www.nfks.no/l/erklaering-om-seksuell-nytelse/

Nhi.no (2021, 3. februar). Onani. https://nhi.no/sykdommer/mann/seksuelle-tema/masturbasjon/

Politiet. (u.å). Hvor går grensene? Henta 25. august 2021 frå https://www.politiet.no/rad/voldtekt-og-seksuelle-overgrep/hvor-gar-grensene/

CC BY-SASkrive av Stine Kühle-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 05.07.2021

Læringsressursar

Kropp og seksualitet