Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om seksuelle rettar

Ifølgje dei seksuelle rettane har du mellom anna krav på eit seksuelt privatliv, sjølvstyring og eit trygt og tilfredsstillande seksualliv. Diskuter dei seksuelle rettane og bruk dei til å reflektere over konkrete utfordringar som ulike ungdommar møter på.

1. Casar om seksuelle rettar

Til læraren

Klassen kan jobbe med case-oppgåvene individuelt eller i grupper. For somme elevar vil dsse case-oppgåvene kunne verke støytande, og dei kan synast det er ubehageleg å jobbe med dei. Læraren burde derfor kjenne klassen godt og høyre med elevane i forkant om dei synest det er greitt å jobbe med slike konkrete forteljingar. Viss enkelte elevar ikkje ønskjer å delta, bør dei få moglegheit til å la vere eller gjere alternative oppgåver.

2. Lag ein plakat om seksuelle rettar


Gå saman i grupper og lag ein plakat om dei seksuelle rettane. De kan dele klassen i grupper og velje om kvar gruppe skal presentere ein eller fleire rettar.

Dei seksuelle rettane

Her er ein kortversjon av nokre av dei viktigaste helserettane:

God seksuell helse føreset at dei seksuelle rettane til individet er varetekne. Seksuelle rettar blir brukte om menneskerettar som tek vare på seksuell og reproduktiv helse.

Alle har

  • rett til fritt og sjølvstendig å velje partnaren sin i samsvar med eiga seksuell orientering utan å bli utsett for diskriminering eller kriminalisering

  • rett til seksualitetsundervisning

  • rett til og respekt for kroppsleg autonomi

  • fridom frå vald

  • rett til sjølv å velje om ein vil ha barn og om ein ønskjer å vere seksuelt aktiv

Kilde: Regjeringa.no: Snakk om det. Strategi for seksuell helse (2017–2022)

Du finn ei fullstendig oversikt over alle dei seksuelle rettane på engelsk her:

Forslag: Lag ein jury og ein plakatkonkurranse i klassen eller på skulen. Skann vinnar-plakaten og legg han ut på nettsida til skulen. Bli ein føregangsskule på å bevisstgjere kvarandre på dei seksuelle rettane.

3. Diskuter seksuelle rettar

Seksuelle rettar har det til felles med menneskerettane at dei er universelle. Seksuelle rettar gjeld for deg, anten du er sjuk eller frisk, fordi ønske om nærleik, kjærleik og eit seksualliv er eit grunnleggjande behov hos alle menneske uansett livssituasjon. Seksuelle rettar inneber at kvar person, utan diskriminering, utan tvang eller vald, kan oppnå det høgaste nivået av helse med tanke på seksualitet.

Diskuter i grupper

  1. Kva for seksuelle rettar tenkjer de er viktigast for ungdom i dag?

  2. Kva kan de gjere for at dykkar eigne og andre sine seksuelle rettar skal bli tekne vare på?

  3. Diskuter om dei seksuelle rettane til ungdommar blir varetekne på ein god måte i Noreg i dag. Finn argument både for og mot.

  4. Kva kan staten gjere for at dei seksuelle rettane skal bli endå betre varetekne i Noreg og verda? Skriv minst tre konkrete forslag.

4. Rettar utløyser plikter

Ein av dei seksuelle rettane dine gir deg rett til gratis diagnose og behandling av mellom anna kjønnssjukdommar, men har du smitta nokon, har du òg plikt til å gå til lege og bidra til smittesporing.

  1. Kva kan vi bruke for å verne oss mot smitte for å hindre seksuelt overførbare infeksjonar?

  2. Kva trur de er dei vanskelegaste utfordringane med å få til ei god smittesporing av kjønnssjukdommar?

  3. Korleis kan vi snakke om smittesporing på ein respektfull og god måte? Gi konkrete døme.

  4. Tenk deg at du skal lage ein kampanje for smittesporing blant ungdom. Kva ville du valt å fokusere på? Grunngi svaret.

Relatert innhald

Ifølgje dei seksuelle rettane har alle rett på eit meiningsfullt, sjølvstyrande og sunt seksualliv.

CC BY-SASkrive av Stine Kühle-Hansen og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Kropp og seksualitet