Hopp til innhald
Oppgåve

Sexpress og gråsonesex

Sexpress og seksuelle overgrep har alvorlege konsekvensar, og ikkje alle skjønar kvar grensa går. Reflekter over årsakene til sexpress og seksuelle overgrep og diskuter kva vi kan gjere for å unngå det.

Oppgåve 1. Gråsonesex

Sjå filmen og svar på spørsmåla:


  1. Kva er gråsonesex, tenkjer du?

  2. Kva er valdtekt?

  3. Kva er dei viktigaste årsakene til at nokon tråkker over grensa og utset andre for ubehagelege seksuelle opplevingar og overgrep?

  4. Kva kan ubehagelege seksuelle opplevingar og overgrep føre til?

  5. Diskuter om det er greitt å mase og halde fram med tilnærmingar etter at du har blitt avvist. Kvar går grensa?

  6. Diskuter korleis vi kan unngå at to personar oppfattar ein seksuell situasjon på to heilt ulike måtar.

  7. Kva kan du og andre gjere for å unngå sexpress og seksuelle overgrep? Skriv minst tre konkrete tips.

Oppgåve 2. Casar om sexpress

Vel ut minst to av casane under og diskuter situasjonen sett med begge dei to personane sine auge.

  1. Kva er problemet i situasjonen?

  2. Korleis trur du dei to oppfattar situasjonen?

  3. Korleis trur de denne situasjonen kan løysast på ein god måte?

Philip og Rebecca

Phillip ligg oppå Rebecca og kyssar henne. Plutseleg snur ho hovudet sitt. Han prøver å kysse henne igjen, men ho snur hovudet bort. Mens han kyssar henne på halsen, fyk nokre tankar gjennom hovudet hans: Vil ho ikkje kysse meir? Er ho ikkje glad i han lenger? Phillip blir veldig usikker, sidan kyssinga ikkje blir svart på.

Truls og Bengt

Truls og Bengt er på fest og har fått lyst på kvarandre. Dei går inn på eit soverom og kliner. Bengt spør om Truls kan suge han. Det vil Truls. Når Truls har soge i eitt minutt, stoppar han. Bengt synest det var så godt, så han tek hovudet til Truls og pressar han til å suge meir. Truls trekkjer seg vekk og foreslår at dei heller berre stimulerer kvarandre med hendene.

Oda og Kathinka

Oda og Katinka sit i sofaen og ser på bilete på mobilen til Oda. Plutseleg dukkar det opp eit nakenbilete av Oda. Oda fortar seg å ta mobilen. Katinka ler, prøver å ta mobilen til Oda og seier: "Få sjå det biletet!" "Nei", seier Oda. Ho vil ikkje dele nakenbiletet av seg sjølv. Katinka blir pågåande og smigrar: "Er det så farleg då? Du er vakker. Få sjå biletet!" "Nei", seier Oda. Ho blir fortvila og stressa. Katinka reiser seg og prøver å ta mobilen frå Oda.

Jin og Dara

Jin og Dara sit ved sida av kvarandre og har gjort lekser i ein time. Plutseleg legg Jin handa på Dara sitt lår. Dara legg handa tilbake og ser ut av vindauget. Ho håper at episoden kan gløymast og ønskjer å halde fram med leksene. Jin ignorerer kroppsspråket til Dara og legg handa si på nytt på Dara sitt lår.

Niklas og Nadima

Niklas og Nadima ligg i senga. Det er like før Niklas får orgasme. Plutseleg skyv ho han vekk. "Åh, nei", seier Niklas. "Det var jo rett før eg kom. La meg få halde fram, ver så snill", ber Niklas. "Nei, eg vil ikkje", svarer Nadima. Ho seier smilande til Niklas: "Kan du ikkje berre runke deg sjølv til orgasme?" "Kva er det du seier?" svarer Niklas raud i ansiktet. Nadima ser på Niklas og seier: "Veit du, det er berre flott om du gjer det. Det er ikkje noko å vere flau over. Eg synest du hadde vore modig om du gjorde det."