Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Dickpics" i eit kommunikasjonsperspektiv

Ny teknologi har gitt oss nye måtar å kommunisere på, men situasjonskonteksten er av og til uklar slik at misforståingar oppstår. Kvifor oppfattar avsendar og mottakar av såkalla "dickpics" bodskapen så ulikt?

Sjå episoden av Innafor om penisbilete, og les NRK-artikkelen under om det same temaet.

– "Dickpics" er en enorm misforståelse (nrk.no)

Set "dickpics" i eit kommunikasjonsperspektiv

Den svenske forfattaren Caroline Hainer har skrive bok om desse bileta, og ho beskriv fenomenet på denne måten i eit intervju i NRK-artikkelen over:

Det er en kommunikasjonsmiss, der avsenderen håper på en positiv reaksjon, mens mottakeren oppfatter nøyaktig det motsatte. Dickpics er en enorm misforståelse, vi prater ikke samme språk, vi har ulike signaler.

(Kumano-Ensby & Tvilde, 2018)

  • Diskuter sitatet i klassen. Korleis tolkar de slike bilete?

  • Politiet har gått ut og bede om at vi går bort frå omgrepet "hemnporno" om nakenbilete som blir spreidde utan samtykke frå den det er teke bilete av, og heller bruker nemninga "digital seksuell krenking". Les meir om dette i artikkelen under. Kan de på same måte finne eit betre namn på "dickpics"?

    Kripos-video går viralt: – Slutt å bruke begrepet "hevnporno" (nrk.no)

  • Gå saman i grupper og lag ein podkast eller eit føredrag om fenomenet "dickpics" i eit kommunikasjonsperspektiv. Bli samde om ei problemstilling som de skal svare på i podkasten eller foredraget. Målgruppa skal vere foreldre og lærarar. Bruk kunnskapen de har om kommunikasjon, til å kome med faglege refleksjonar om denne biletdelingspraksisen.

Kjelde

Kumano-Ensby, A. L. & Tvilde, K. N.(2018, 16. juni). –"Dickpics" er en enorm misforståelse. NRK. https://www.nrk.no/dokumentar/xl/_-_dickpics_-er-en-enorm-misforstaelse-1.14078655

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 26.03.2021

Læringsressursar

Seksualitet og grenser