Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Seksuell trakassering – kva gjer du?

Seksuell trakassering på arbeidsplassen kan vere eit problem for alle arbeidstakarar. Kva gjer du dersom du synest situasjonen blir ubehageleg? Kvar går grensa for deg?

Seksuell trakassering

Arbeidstilsynet definerer seksuell trakassering slik:

Seksuell trakassering er uønskt seksuell merksemd som har som formål eller verknad å vere krenkjande, skremmande, fiendtleg, nedverdigande, audmjukande eller plagsam.

Seksuell trakassering kan finnast i mange ulike variantar og kan vere både fysisk, verbal og ikkje-verbal (kroppsspråk).

Sjå filmen og svar på spørsmåla

  1. Kven bestemmer kvar grensa går mellom uskuldig flørt og seksuell trakassering?
  2. Korleis vil du definere uønskt merksemd?
  3. I kva situasjonar på arbeidsplassen kan ein finne seksuell trakassering?
  4. Er det seksuell trakassering når det går føre seg på eit julebord eller ei jobbreise?
  5. Undersøk kva paragrafar i arbeidsmiljølova og likestillings- og diskrimineringslova som omhandlar seksuell trakassering.
  6. Kva slags straff kan ein få dersom ein utset nokon for seksuell trakassering?
Regelverk

Arbeidstilsynet

Arbeidsmiljølova

Likestillings og diskrimineringslova

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2020

Læringsressursar

Seksualitet og grenser