Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Sosiale medium og inkludering

Finn og diskuter samanhengar mellom språkleg kommunikasjon, inkludering og sosiale medium. Kan de ta med dykk innsikta inn i arbeidet med klassemiljøet?

FooterHeaderIconFooter iconLK20
To ansikter med mobiler. Illustrasjon.

1) Forarbeid

Gjer overflatesøk på nett og finn ut korleis ulike kjelder beskriv

  • språkleg kommunikasjon
  • sosiale medium
  • inkludering

Samarbeid to og to om å skrive ein definisjon for kvart av dei tre omgrepa.

2) Beskriv

I denne oppgåva skal de bruke aktivt definisjonane de har funne om språkleg kommunikasjon, sosiale medium og inkludering.

Beskriv skriftleg, i samarbeid med ein medelev

  • døme på korleis språkleg kommunikasjon inkluderer eller ikkje
  • kjenneteikn ved kommunikasjon i sosiale medium
  • positive og negative samanhengar mellom sosiale medium og inkludering

3) Foreslå

Foreslå fem måtar å bruke språkleg kommunikasjon på for å inkludere medelevar og andre i sosiale medium.

  • Ver så konkret som mogleg.
  • Formuler munnlege setningar og foreslå gjerne korleis emojis kan brukast saman med ord.
  • Hugs det er lov med humor!

Presenter forslaga i klassen og plukk ut nokre favorittar.

4) Bruk favorittar

Gå på sosiale medium og bruk 5–10 minutt på å sende favorittar til andre i klassen.

5) Diskuter i klassen

  • Kva for betydning har val av språkbruk og emojis i sosiale medium for korleis vi møtest ansikt til ansikt?
  • Korleis kan vi bruke erfaringane frå desse oppgåvene til å skape eit godt klassemiljø?

😁😍😬😪😎😡☠🙉💘💥💣🗨🖐👌👍💪👄👦👧🧔👵🙎👨‍🎓


Sist oppdatert 20.11.2019
Tekst: Albertine Aaberge (CC BY-SA)

Læringsressursar

Innanfor/utanfor