Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eit liv i rullestol – eit liv i utanforskap?

I denne ressursen skal du møte ein fransk rikmann i filmen De urørlige, den norske professoren Jan Grue og ei ung dame i ei novelle av Sigrid Undset. Målet er å utforske korleis eit liv i rullestol blir framstilt i tekstane.

Del 1: De urørlige

Sjå den franske filmen De urørlige og diskuter desse spørsmåla i grupper:

  1. Kva seier Phillippe om kvifor han valde Driss til assistent? Kva er det han liker ved han?

  2. Kvifor trur de Philippe ikkje vil møte kvinna han har brevveksla med i fleire månader? Og kva seier dette om kva syn han har på seg sjølv?

  3. Korleis meiner de livet som funksjonshemma blir framstilt i denne filmen? Vis til konkrete døme i svaret.

  4. Vil de seie at filmen tematiserer utanforskap på nokon måte? Grunngi svaret.

Del 2: Jan Grue – Hvis jeg faller

Boka Hvis jeg faller vann Jan Grue P.O. Enquists pris, 2021. Boka handlar om Grues eige liv og dei utfordringane han har møtt fordi han har ei funksjonshemjing. Utdraget du skal lese under, handlar om sårbarheit, og om kva som skjer "hvis jeg faller".

Relatert innhald

Les utdraget. Gjer først desse oppgåvene åleine:

  1. Prøv å fortelje att med eigne ord kva denne teksten handlar om.

  2. Jan Grue fortel om ein episode der han er i ei nesten-ulykke med bilen sin. Denne episoden venta han lenge med å fortelje andre om. Kvifor det?

  3. Kva meiner Grue med at "livet mitt er ein prototyp", og at han er "sårbar"?

  4. Trekk fram minst to sitat som du meiner viser korleis Jan Grue meiner andre ser på han.

  5. Forstår du kvifor replikken frå to menn på ein spelefestival gjer Grue så oppskaka?

Diskuter i grupper:

  1. Gå gjennom spørsmål a–e. Har de forstått teksten likt?

  2. Diskuter dette sitatet mot slutten av utdraget. Kva kan det bety? "Den er der, denne doble følelsen av evig fare, den følger etter meg og venter foran meg på veien. Stemmen som sier: Hvis jeg faller."

  3. Meiner de at denne teksten handlar om utanforskap? Grunngi svaret ved å vise til to–tre tekstsitat.

Del 3: "Vanfør" av Sigrid Undset

Sigrid Undset er mest kjend for den historiske romantrilogien sin om Kristin Lavransdatter, men ho skreiv også noveller frå samtida. No skal du lese ei novelle der du møter ein karakter som sit i rullestol.

Relatert innhald

I novella "Vanfør" av Sigrid Undset møter du ei ung kvinne som er funksjonshemma.

Jobb åleine:

  1. Korleis vil du karakterisere livet til hovudpersonen?

  2. Kva er det ho saknar og meiner ho aldri kjem til å få i livet sitt?

  3. Kva tankar har ho om sin eigen verdi? Grunngi med eit tekstsitat.

  4. Korleis meiner ho at omverda ser på henne? Grunngi med eit tekstsitat.

  5. Korleis tolkar du den siste setninga i novella? "Er eg både vond og unyttig?"

  6. Meiner du at denne novella handlar om utanforskap?

Del 4: Diskuter tekstane

A. Diskuter tekstane i grupper:

  • Kva tekst meiner de har den mest positive framstillinga av livet som funksjonshemma? Grunngi.

  • Handlar alle tre tekstane om utanforskap? Samanlikn tekstane og vurder spørsmålet.

  • Kva i Sigrid Undsets tekst viser at han er skriven i første halvdel av 1900-talet? Kunne livet som funksjonshemma like gjerne vore beskrive på denne måten i dag? Utdjup svaret.

  • Kor ofte ser de funksjonshemma karakterar i film, seriar eller bøker? Korleis kan ein slik representasjon påverke utanforskap?

Relatert innhald

Korleis er det å oppleve diskriminering på grunn av kven du er og korleis du ser ut? Dette blir det snakka om i ein podkastepisode om utenforskap.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2021

Læringsressursar

Funksjonsmangfald