Ære og skam i Kristin Lavransdatter og i Hva vil folk si - Norsk (SF vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Ære og skam i Kristin Lavransdatter og i Hva vil folk si

Både trilogien om Kristin Lavransdatter og filmen Hva vil folk si handlar om ære, skam og ulovleg kjærleik. I tillegg står forholdet mellom far og dotter sentralt. I denne oppgåva skal de samanlikne dei to tekstane og vurdere om ulovleg kjærleik har ein plass i dagens frigjorte samfunn.

Del 1. Hva vil folk si

Sjå filmen Hva vil folk si. Diskuter deretter:

  1. Korleis vil de karakterisere forholdet mellom far og dotter i filmen?

  2. Korleis er forholdet mellom far og mor?

  3. Korleis utfordrar Nisha synet foreldra har på skam og ære?

  4. Kva slags inntrykk får de av Nishas far? Kvifor handlar han slik han gjer, trur de?

  5. Kva rolle meiner de skam og ære har i filmen?

Ei undersøking om foreldreskap og sosial kontroll

I ein rapport frå 2019 skriv Fafo:

Såkalt negativ sosial kontroll regnes i dag som et alvorlig samfunnsproblem, og forebygging og bekjempelse har vært høyt prioritert både av dagens og tidligere regjeringer. [...] [A]nalysene tyder på at flertallet av foreldregenerasjonen blant innvandrere fra Pakistan, Somalia og Sri Lanka – i likhet med mange andre innvandrergrupper fra land i det globale sør – ikke overraskende formidler langt mer konservative holdninger til sine barn i spørsmål om kjønn, seksualitet og relasjoner enn den norske befolkningen for øvrig.

[...]

Et betydelig mindretall av ungdommer med foreldre fra disse landene rapporterer også om det som må kunne regnes som alvorlige foreldrerestriksjoner, i form av at de sjelden får lov til å være sammen med venner, eller at foreldrene ikke vil at de skal omgås noen av det motsatte kjønn. Slike restriksjoner er nært knyttet til familiens kulturelle og religiøse verdiorientering, men også til sosioøkonomiske forhold. Både foreldrenes utdanning og sysselsetting har betydning, men denne effekten er mye svakere enn effekten av folks kulturelle og religiøse orientering.

Kjelde: Bjørnseth, M. & Friberg J. H. (2019). Migrasjon, foreldreskap og sosial kontroll. (Fafo-rapport 2019:01). Fafo. https://www.fafo.no/zoo-publikasjoner/fafo-rapporter/item/migrasjon-foreldreskap-og-sosial-kontroll

Del 2. Kristin Lavransdatter

Kransen er første bind i Sigrid Undsets trilogi om Kristin Lavransdatter. Handlinga er lagt til 1300-talet i Noreg, og vi får oppleve Kristins oppvekst på ein gard i Gudbrandsdalen. Ho har eit svært godt forhold til faren Lavrans, men forholdet blir sett på prøve då ho nektar å gifte seg med den faren har valt ut til henne. I staden forelskar ho seg i riddaren Erlend.

Steg 1. Første møte mellom Kristin og Erlend

Sjå filmen frå 00:43:00–00:50:00

  1. Prøv å beskrive kjenslene som oppstår første gong Kristin og Erlend får auge på kvarandre.

  2. Kristin er lova bort til Simon Darre. Eit forhold mellom Kristin og Erlend er derfor vanskeleg og går på æra laus. Kvifor trur de den forbodne kjærleiken er eit tema som alltid har fengsla menneske?

Steg 2. Lidenskap, tvil og skam

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Kristin Lavransdatter (utdrag)

Utvalde utdrag frå Kristin Lavransdatter som handlar om den forbodne kjærleiken til Erlend og tvilen hennar.

Les utdraga frå Kristin Lavransdatter (over). Fleire av utdraga består av dialogar. Fordel gjerne roller og les desse høgt i klassen.

Diskuter deretter desse spørsmåla i grupper:

  1. Korleis vil de karakterisere forholdet mellom Kristin og faren i utdraga? Grunngi ved å vise til tekstsitat.

  2. Kva inntrykk får de av Kristin? Og kva inntrykk får de av far hennar, Lavrans?

  3. Kva for nokre ulike valmoglegheiter har Kristin i den situasjonen ho er i?

  4. Kva er argumenta til broder Edvin og faren for at ho bør velje plikta framfor kjærleiken?

  5. Korleis argumenterer ho overfor seg sjølv og far sin for at ho skal få Erlend?

Del 3. Samanlikn boka og filmen

Jobb åleine:

  1. Samanlikn forholdet mellom far og dotter i dei to tekstane. Skriv ned både likskapar og forskjellar.

  2. Korleis tematiserer tekstane skam og ære? Vis til døme.

  3. Romanserien om Kristin Lavransdatter vart skriven i periode vi i litteraturhistoria kallar nyrealismen. Eit typisk kjenneteikn var at bøkene tematiserte val. Nyrealismen vart derfor kalla ein etisk realisme. Vis korleis dette kjem til syne i både utdraga du har lese og filmen du har sett.

Jobb i grupper:

Samanlikn svara dykkar.

Del 4. Skriv om tekstane

Skriv ein tekst på 500–800 ord. Teksten din skal bestå av

  • ei kort innleiing som presenterer tekstane

  • eit avsnitt der du samanliknar tekst i kontekst i tekstane

  • eit avsnitt der du viser korleis tekstane tematiserer val, skam og ære

  • ei avslutning der du reflekterer fritt over temaa i tekstane

Bruk gjerne modellteksten under til hjelp når du skal samanlikne tekstane. Det er eit godt avsnitt der stemma til Jamal i romanen Tante Ulrikkes vei blir samanlikna med stemma til Samuel Massie i biografien Hold fast!

Del 5. Ulovleg kjærleik – gått ut på dato?

Diskuter desse to spørsmåla i klassen:

  1. Kvifor fengjer temaet ulovleg kjærleik så mange?

  2. Bortsett frå i enkelte konservative religiøse miljø, finst det eigentleg ulovleg kjærleik i Noreg lenger? Kan ikkje alle bli saman med kven dei vil i det frigjorte samfunnet vårt?

Relatert innhald

Fagstoff
Skam og ære i dag

Den norrøne kulturen var ein æreskultur. Men kva fører til ære og skam i det moderne Noreg?

Fagstoff
Sigrid Undset

Som nyrealistisk forfatter var Sigrid Undset (1882-1949) oppteken av etiske problemstillingar og historiske forteljingar.

Skrive av Åsa Abusland og Mairi Macdonald.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2021