LilleStortinget
På LilleStortinget kan det meste skje! Det er LilleStortinget sine representantar som bestemmer kva som skal skje, om regjeringa skal fellast eller bli sitjande, om det skal bli stilt mistillitsforslag eller ikkje, kva parti som finn saman og kva for nokre av dei som blir splitta.
LilleStortinget vart opphavleg utarbeidd av Atle Oanes og arrangert første gong i 2006 under namnet miniStortinget ved Vågsbygd vidaregåande skule. Seinare har dette spreidd seg til mange skular og utvikla seg vidare. Vi presenterer her ein versjon som går over to dagar.
De kan jobbe med LilleStortinget i samfunnskunnskap, politikk og menneskrettar, medieuttrykk og mediesamfunnet, og IKT og medieproduksjon.
Som lærar bør du starte med å lese lærarrettleiinga.
Alle elevane bør setje seg inn i desse artiklane:
- Regjeringa
- Det politiske arbeidet på LilleStortinget
- Plenumsmøta i salen på LilleStortinget
- Dramatikk i salen på LilleStortinget
I tillegg er det viktig at elevane set seg grundig inn i artikkelen som beskriv den rolla dei får, og at dei gjer seg godt kjende med sitt parti.
Lykke til!