Kunst?
I filmen under utforskar vi kva kunst kan vere, og vi undersøker kva som kan påverke opplevinga vår av kunsten (4:40).
Reflekter og diskuter
Korleis kan du få meir ut av møtet ditt med kunst?
I filmen blir det sagt at "kunstverk er ei kjelde til energi, inspirasjon og trøyst i liva våre". Er du samd i denne utsegna? Kvifor / kvifor ikkje?
Ordet kunst betyr opphavleg "det å kunne". Vi snakkar gjerne om kunst når nokon har øvd opp ein dugleik eller ei evne. I Nynorskordboka blir kunst definert som "uttrykk for eller medviten bruk av menneskeleg fantasi og skaparevne til å skape verk som påverkar mottakaren kjenslemessig, estetisk eller intellektuelt" ("kunst", u.å.).
Kunst er altså mange ulike måtar å uttrykke seg kreativt på. Det kan vere alt frå måleri, skulptur, fotografi og grafikk til musikk, dans, teater og litteratur. Vi kan òg skape kunst gjennom digitale medium som film, animasjon og datagrafikk. Felles for kunsten er at han er menneskeskapt, og at han vekker noko i oss.
Vi kan oppfatte kunst ulikt. Det ein person meiner er kunst, blir kanskje ikkje anerkjend som kunst av ein annan. Det at vi tolkar ulikt, gjer at vi ofte kan få diskusjonar om kva som kan kallast kunst.
Til alle tider har kunstnarar bygd vidare på det andre har gjort før dei. Vi håper at du også vil la deg inspirere av kunsthistoria og bruke henne som ein inngang til eige skapande arbeid.
Epokar
Kunsthistoria beskriv kjenneteikn i ulike tidsepokar. Gjennom tre år med faget kunst og visuelle verkemiddel skal du bli kjend med utviklinga frå forhistoria fram til vår eiga tid. Etter kvart vil du kunne kjenne igjen særtrekk frå ulike periodar og kunne seie at noko er typisk for mellomalderen, mens noko anna er spesielt for renessansen. Då blir kunsthistoria spennande!
Kjenneteikn på ulike periodar er merkelappar vi har sett på i ettertid. Årstala er rettleiande, for som regel er det glidande overgangar mellom periodane. Nye epokar oppstår gjerne som ein reaksjon på ting som skjer i samfunnet, eller som ein motreaksjon mot den perioden som var før.
Kunstomgrepet i kunsthistoria
Synet på kunst har forandra seg gjennom historia, og i emnet kunst og kulturhistorie skal vi sjå nærare på dette. Teikning, måleri og skulptur er blant dei eldste kunstformene. Desse uttrykksformene kan vi spore tilbake til oldtida, og vi kan trekke linjer heilt tilbake til forhistorisk tid.
Renessansen
I renessansen var det stor økonomisk oppgang. Dette førte til at kunstnarane fekk oppdrag frå velståande oppdragsgivarar. Den som hadde skapt eit verk, blei namngitt, og kunstnarane fekk ein heilt ny status. No blei dei sett på som viktige og respekterte personar.
Eit måleri skulle følge visse lover. Balanse, fargesetjing og komposisjon var svært viktig.
Romantikken
Romantikken oppstod på slutten av 1700-talet. Denne perioden la vekt på kjensler, fantasi og individualitet, og vi fekk eit nytt syn på kunstnaren. Tidlegare blei kunstnarar sett på som handverkarar som laga kunstverk på bestilling frå kyrkja eller overklassen. No blei kunstnaren sett på som ein person som hadde sin eigen måte å sjå verda på. Kunstnarane hadde ei kreativ kraft som ikkje kunne kontrollerast av andre, og dei kunne derfor uttrykke seg fritt og på sin eigen måte.
Nye kunstformer på 1800- og 1900-talet
I løpet av 1800- og 1900-talet skjedde nye gjennombrot med nye kunstformer. Dette kan vi sjå i samanheng med nyvinningar. Oppfinninga av målingstubar på midten av 1800-talet gjorde det enkelt for kunstnarane å måle utandørs, ute i naturen. Slik kunne kunstnarane fange stemninga og lysforholda i augneblinken.
Utviklinga av foto og film førte òg til nye måtar å representere verda på. Dette inspirerte kunstnarane til å utforske nye visuelle uttrykksformer.
På 1900-talet blei ein introdusert for installasjonar og performance som kunstnarisk uttrykksform. I vår eiga tid inkluderer vi ikkje berre fysiske gjenstandar. Kunsten kan òg vere usynleg gjennom sansar som lukt, smak, berøring og lyd. Dette gir nye mogelegheiter og kan vere med på å gjere kunsten meir tilgjengeleg for alle.
Samtidskunst
Kunsthistoria tek ikkje slutt. Vi lever i ei tid med hendingar som kunstnarane i dag bruker i kunsten sin. Slik det alltid har vore. Nye generasjonar kunstnarar vil alltid bruke samtida som inspirasjon i det dei vil formidle. Det som er her og no, kan vere vanskelegare å få auge på, men det er spennande å prøve. Historiske tendensar er lettare å sjå klart i etterkant.
Du kan lære meir om samtidskunst i emnet kunst i samfunnet.
Reflekter og diskuter
Studer biletet av Fountain av Marcel Duchamp (1917). Dette verket braut med alle førestillingar av kva eit kunstverk skulle vere og kravde ei revurdering av kunstomgrepet.
Synest du dette verket kan definerast som kunst eller ikkje?
Forklar kvifor, og prøv å bruke faguttrykk i grunngivinga.
Diskuter punkta over, først med ein medelev og så felles i klassen.