Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Fargar og kjensler

De får namnet på ei kjensle, samtidig som det blir spelt musikk som kan forsterke denne stemninga. Lev deg inn i musikken, og undersøk korleis fargar og kjensler kan påverke kvarandre. La kjensla vere utgangspunkt for å måle abstrakte, spontane fargekomposisjonar.
Elevar målar abstrakte fargekomposisjonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Abstrakte, spontane fargekomposisjonar

Utstyr

  • Penslar, svampar og vassbasert måling
  • Papirformat: 15 cm x 15 cm
Tips til læraren

Forslag til kjensler elevane kan få som stikkord:

sinne, lykke, redsle, kjærleik eller forelsking, sjalusi, mismod, nyfikne og omsorg eller empati.

Finn musikk som kan forsterke stemninga til kvar kjensle.

Musikk som vart brukt ved Vågen videregående skole:

  • Musikk som kan forsterke kjensle av sinne:
    • Patrick Topping & Kevin Sauserson: Frisk
    • Pantera: Walk
    • Metallica: Blackened
    • Kvelertak: Trepan
  • Musikk som kan forsterke kjensle av lykke:
    • Yann Tiersen: Les jours tristes, Les deux pianos & I've Never Been There
    • Happy Jazz: Happy Jazz
    • Crisp Nibblets: Circular
    • Tinlicker & Robert Miles: Children
    • Dave Thomas: Walking Dream
  • Musikk som kan forsterke kjensle av redsel:
    • Joseph Bishara: the Conjuring
    • Steve Jablonsky: Freddy´s Coming For You, Main Title, Dinner & Epilogue
    • John Carpenter: Theme for The Fog
  • Musikk som kan forsterke kjensle av kjærleik eller forelsking:
    • Sleeping at last: The Spring, Her Joy Was Complete & Almost Idyllic
    • Philter: Miyazaki Mountain, Dance of the Fireflies & Dance of the Fireflies
    • Instrumental Wedding Music Zone: Romantics Light
  • Musikk som kan forsterke kjensle av sjalusi:

    • Vio Beats: Toxic – Instrumental
    • Kråkesølv: Sjalusien Som Driv Dæ
    • Karoke Pro: You Don´t Own Me
    • Cardo Grandz: Everything I Wanted – Instrumental
  • Musikk som kan forsterke kjensle av mismod:

    • Jorge Méndez: Cold
    • Stephan Moccio: Lumière
    • Charles Weathersby: Longing For Yesterday
    • Thomas Newman: American Beauty
  • Musikk som kan forsterke kjensle av nyfikne:

    • Philter: Adventure Time
    • Raymond Lefèvre: Jo (version disque)
    • Tinlicker & Robert Miles: Children – Edit Mix
  • Musikk som kan forsterke kjensle av omsorg eller empati:

    • Epic Score: This Is Our Land
    • Thomas Bergersen: Always Mine
    • Dustin O´Halloran: Arrivals N2
    • Audiomachine: Above and Beyond, Equinox & Tree of Life

Framgangsmåte

  1. Set deg godt til rette og ver klar til å måle eit fargeuttrykk med utgangspunkt i eit stikkord. Stikkordet har noko med ei kjensle å gjere. Ved kvar kjensle blir det sett på musikk i rommet. Innleving er viktig.
  2. Når du får høyre stikkordet, skal du prøve å måle det første du tenkjer på. Du skal ikkje måle noko figurativt. Bruk fargar, linjer og former som kjensla og musikken får deg til å tenkje på. Ikkje sjå på arbeidet til naboen din. Det er berre du som veit svaret på denne oppgåva.

Når de målar desse bileta, er det viktig med stille konsentrasjon i rommet. Bruk 10-15 minutt på kvart stikkord.

Hender målar med svamp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstilling

Etterpå monterer de alle "mini-måleria" og heng dei samla på veggen. Grupper dei ulike kjenslene. Resultatet kan bli som eit smykke på vaggen.

Kvadratiske fargekomposisjonar er monterte i ei utstilling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter:

  • Er det nokre fellestrekk i val av former og fargar til dei ulike kjenslene de fekk?
  • Korleis opplevde de å jobbe med fargar på denne måten?
  • Korleis kan du bruke denne erfaringa i det framtidige yrket ditt?
Abstrakt fargekomposisjon på kvadratisk papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Elise Eriksen, Brita Bjørnsson og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2021

Læringsressursar

Fargeopplevelse