Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eksperimenter med kald-varm-kontrast

Vel ei enkel form og plasser henne i eit rom. Prøv ut korleis du kan bruke kontrasten mellom kalde og varme fargar til å skape djupneverknad. Du kan bruke fargekontrasten i lys- og skuggeflater til å modellere forma og til å skape kontrast mellom forgrunn og bakgrunn.
Eit eple gitt att i kald-varm-kontrast. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Prøv ut verknaden av kalde og varme fargar

Her kan du måle, fotografere eller arbeide digitalt i eit teikneprogram. Du kan òg bruke eit foto som du tilarbeider med ulike fargeverknader i eit biletredigeringsprogram.

  • Lag fleire kopiar av motivet ditt, og prøv ut ulike kombinasjonar av kalde og varme fargar.

  • Vel det biletet du liker best, og monterer dette på svart kartong.

  • Skriv gjerne ein logg der du vurderer verknaden av ulike fargesamansetjingar.

Relatert innhald

Kald-varm-kontrast får vi ved å setje kalde og varme fargar mot kvarandre. Denne kontrasten kan skape intensitet og få fram avstandar.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2024

Læringsressursar

Ittens fargelære