Hopp til innhald
Øving

Bruk fargesirkelen til å lage palettar

Fargekalkulatoren er eit verktøy som kan hjelpe deg til å finne gode fargesamansetjingar. Her kan du utforske korleis fargane i ulike fargeharmoniar verker på kvarandre. Prøv dei ut, og finn fargepalettar som du kan bruke i eige skapande arbeid.

Forstå modellar for fargerom

Du har kanskje sett at til dømes dataprogram og appar bruker ulike måtar å kode fargar på. Koden er den nøyaktige oppskrifta for å blande fargen, og ulike måtar å blande fargane på kallar vi fargerom. Fargerom er grensene for kva fargar det er mogleg å blande innanfor dette fargerommet. Til dømes kan du blande fleire nyansar av kvar farge med lys (RGB) enn det er mogleg å få til med blekk (CMYK).

RYB-fargerom

Som du sikkert kjenner til frå Ittens fargesirkel, blir dei ulike fargane blanda ved å kombinere primærfargane raud, gul og blå. Dette fargerommet kan forkorta bli angitt som RYB-mode. R: raud, Y: gul (yellow), B: blå. Denne måten bruker vi når vi skal blande fargepigment til bruk i kunsten.

CMYK-fargerom

Fargane i trykk blir angitte i eit CMYK-fargerom. Skal det trykkast ei bok, blir det brukt blekk i fire fargar: cyan (ein blåfarge), magenta (ein kald raudfarge), yellow (gul) og svart, som får bokstaven K. (K står for "key-tone" fordi svart blir brukt for å gi kontrast og djupn i bilete.)

Kvar farge får ein verdi frå 0 % til 100 %, og dette angir mengda av denne fargen. Ein rein raudfarge får desse verdiane: C = 0 %, M = 95 %, Y = 91 %, K = 0 %. Her er verken blå eller svart blanda inn. Dei står med 0 %. Det er mykje magenta ( 95 %) og mykje gul ( 91 %), som gjer raudfargen varmare.

RGB-fargerom

RGB er fargeblanding med lys. Lys av ulik styrke bestemmer fargane på dataskjermar, tv-skjermar og skjermen til mobiltelefonen din. Bokstavane RGB står for raud (R), grøn (G) og blå (B).

Tenk deg tre lamper i desse fargane. Kvar lampe kan regulerast med ein styrke frå 0 (lampa er av) til 255 (lampa har full styrke). Blir alle lampene skrudde av, får vi svart. Blir alle lampene skrudde på fullt, får vi kvitt. Er den grøne og den blå skrudde av mens den raude står på fullt, får vi raudt. Slik kan alle fargane gjengivast med lys, avhengig av kva styrke det er på kvar lampe. RGB-koden for raud vil bli 255 - 0 - 0.

Hexadecimale-kode

Denne måten å kode farge på blir til dømes vist slik: #ff0000. Dette er til bruk for fargar på nettsider som skal visast på skjerm. Det er fargar blanda ved hjelp av lys.

Dette er eigentleg den same logikken som for RGB-fargerom. Blandinga er lys, og fargane blir blanda med raudt, grønt og blått.

Bruker vi igjen dømet med lampene som beskrive under RGB-fargerom, kan vi tenke oss at kvar lampe no har fått to brytarar. Dei to første tala eller bokstavane i koden #ff0000 er brytarane til den raude lampa (R, som har verdien "ff"). Dei to neste tala eller bokstavane er til den grøne lampa (G, som har verdien 00), og dei to siste er til den blå lampa (B, som også har verdien 00).

Her er det ein annan skala på verdiane der "f" er den høgaste verdien og 0 er den lågaste. Då kan vi sjå at viss begge brytarane på den raude lampa står på fullt, mens begge brytarane på den grøne og blå er slått av, får vi koden #ff0000. Full styrke på alle dei tre lampene vil gi kvitt lys og få koden #ffffff. Kva kode trur du det er for svart? Kva med rein grøn?

Kvart par med brytarar på lampene kan ha ulik verdi. På den måten kan dei blande alle fargane i ulike nyansar.

Fargekalkulatoren er eit gratis verktøy frå Sessions College for Professional Design. Ved å velje RYB-mode, vil du få ein fargesirkel som tek utgangspunkt i raudt, gult og blått, på same måte som Ittens fargesirkel. Vel du RGB, får du lysfargar som tek utgangspunkt i raudt, blått og grønt.

  1. Gå til Gå til Fargekalkulatoren på sessions.edu.
  2. Vel ein farge du vil ha som utgangspunkt. Denne får du opp som ein fargeprøve i paletten din.
  3. Vel ein harmoni:

    Ved å klikke på plussteiknet i skjermbiletet under får du opp ei forklaring av dei ulike fargeharmoniane på norsk.

Ved å krysse av for "Lock" beheld du harmonien, sjølv om du dreier på punkta.

Dersom du fjernar avkryssing for "Lock" under fargesirkelen, kan du justere kvar enkelt farge i paletten din. Beveger du deg inn mot midten i fargesirkelen, blandar du inn meir kvitt i fargen. Då får fargen mindre metting.

Til venstre for fargesirkelen kan du regulere kor mykje svart du vil ha i kvar enkelt farge.


Oppdrag:

  1. Prøv ut dei ulike typane harmoniar i fargekalkulatoren.
  2. Presenter prinsippet for dei ulike fargeharmoniane saman med ein fargepalett du har laga.
  3. Vel ut dei fargepalettane du liker best, og lag idéskisser for korleis du kan bruke dei i ein komposisjon med geometriske former.

Relatert innhald

Fagstoff
Fargeklangar

Fargesirkelen kan hjelpe deg til å finne gode fargesamasettingar. Itten brukte treklangar og firklangar til å finne fargeharmoni.

Fagstoff
Geometrisk og organisk form

Geometriske former er former som kan konstruerast med passar og linjal, mens organiske former har uregelmessige, mjuke linjer som dei vi finn i naturen.