Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eksperimenter med fargeklangar

I denne øvinga skal du bli kjend med treklangar frå Ittens fargeteori. Du skal eksperimentere med fargar, form og komposisjon. Jobb raskt, utan å tenke for mykje på kva du teiknar. Alle former for uttrykk er greitt her. Ofte finn du noko undervegs som du kan ta med deg vidare til nye prosjekt.
Fargesirkelen med ein likesida trekant i midten. Ved sida av er det fire rekker med tre og tre fargar. Kvar av desse rekkene er ein treklang. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Sett opp rutene

Tips om denne metoden

I denne metoden set du opp små ruter på ei side i skisseboka di eller på eit eige teikneark. Fordelen med dette er at du:

  • kan komme over "skrekken for det blanke arket"

  • kan utforske idéskisser, teknikkar, fargar og komposisjonar i eit lite format

  • kan eksperimentere og teste ut ulike idéar som forarbeid til eit større prosjekt

Bruk denne metoden i oppgåver du skal jobbe med i framtida også. Storleik og talet på ruter kan du justere til det som passar prosjektet du skal jobbe med.

Oppsett

På eit liggande A3-ark skal du teikne opp 3 x 3 ruter. Sett opp den første ruta 20 mm frå toppen av arket og 35,5 mm frå venstre side. Rutene skal ha ei breidd på 105 mm og ei høgd på 75 mm. Mellom rutene skal det vere 17 mm. Bruker du desse måla, vil rutene få jamn fordeling på arket.

Dette kan verke pirkete og omstendeleg, men gjer det til ein vane å jobbe nøyaktig med oppsettet, slik som i denne øvinga. Her er det berre rammene som følger eit stramt oppsett. Innhaldet i rutene kan du fylle etter din eigen fantasi.

Del 2: Fyll rutene med ein fargeklang

Vel tre fargar som til saman dannar ein treklang, eller ein triade, som det også blir kalla. Hjørna i ein likesida trekant vil peike på tre fargar som dannar ein treklang. Sjå på figuren over.

Når du har valt ein fargeklang, skal du finne dei tre fargane med dei reiskapane du vil bruke i øvinga. No skal du ut frå din eigen fantasi teikne linjer, former og krusedullar med den første fargen. Ei og ei rute, til alle dei ni rutene har eit innhald med denne fargen.

Neste steg er å gjere det same, men med farge nummer to. Når du er ferdig med det, skal du gjere tilsvarande med den tredje fargen.

Ein målarkost, ein blandepalett og ei blokk med akvarellpapir der det er måla abstrakte former i raudfiolett, guloransje og blågrønt. Foto.

Del 3: Legg til detaljar

No står du fritt til å velje nye fargar for å legge til fleire detaljar i rutene. Tenk deg godt om og vurder medvitent korleis eventuelle nye fargar passar med den eksisterande fargeklangen.

Refleksjon

Sjå gjennom alle dei ni rutene. Svar på spørsmåla under i skisseboka di.

  • Finn du ei rute du liker betre enn dei andre? I tilfelle, kva er det med denne du liker?

  • Er det nokre teknikkar eller uttrykk du har brukt, som du er spesielt fornøgd med?

  • Korleis opplever du heilskapen når du ser på heile arket? Kva trur du det kjem av at det blir opplevt akkurat slik?

Relatert innhald

Fargesirkelen kan hjelpe deg til å finne gode fargesamasettingar. Itten brukte treklangar og firklangar til å finne fargeharmoni.

CC BY-SASkrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2024

Læringsressursar

Ittens fargelære