Hopp til innhald

Bruk kjelder, teoriar og modellar

I dette emnet skal vi sjå på korleis du som elev kan bruke kjelder, teoriar og modellar i arbeidet med faglege spørsmål, emne og problemstillingar.

Metodar i utforsking

Lærebøker og digitale læremiddel formidlar kunnskap som folk før deg har skaffa seg gjennom å studere ulike fenomen. Men du kan også sjølv skaffe deg kunnskap og innsikt gjennom eiga metodisk utforsking. Her får du tips til korleis du kan gjere det.

Observasjon og feltarbeid

Feltarbeid handlar om systematisk registrering av data innan eit avgrensa område, anten det eit bestemt naturområde, eller ein sosial samanheng. Når du observerer bruker du sansane dine og registrerer systematisk det du ser, høyrer, smaker eller luktar.