Hopp til innhald

Bruk kjelder, teoriar og modellar

I dette emnet skal vi sjå på korleis du som elev kan bruke kjelder, teoriar og modellar i arbeidet med faglege spørsmål, emne og problemstillingar.

Metodar i utforsking

Lærebøker og digitale læremiddel formidlar kunnskap som folk før deg har skaffa seg gjennom å studere ulike fenomen. Men du kan også sjølv skaffe deg kunnskap og innsikt gjennom eiga metodisk utforsking. Her får du tips til korleis du kan gjere det.

Dokumentstudiar og innhaldanalyse

Historiske dokument og dokument frå vår eiga tid inneheld data som kan gi deg innsikt i ulike problemstillingar. Du kan òg velje å analysere innhaldet i eit bestemt dokument for å trenge djupare inn i det dokumentet formidlar. Innhaldsanalyse omfattar òg narrativ analyse og diskursanalyse